Hjem
Studentsider

Forsikringsordningar for studentar

På denne sida finner du ei oversikt over korleis du som student på UiB er forsikra dersom du blir skada i studietida.

Hovedinnhold

Studentar har ikkje eigen forsikringsordning gjennom UiB fordi statlege utdanningsinstitusjonar ikkje har lov til å teikne forsikringar på vegne av studentane. Staten er såkalla sjølvassurandør.

Dersom studentar ønsker å ha same forsikringsdekning om dei tilsette ved universitetet, må dei teikne eigen reise- og personskadeforsikring. I nokon tilfelle kan studentar framleis vere dekka av foreldra sine forsikringar.

Forsikring etter folketrygdlova

Studentar ved UiB har i utgangspunktet yrkesskadedekning etter folketrygdlova, jf. § 13-10. Dette inneber at studentar har dei same rettane som tilsette i forhold til yrkesskadedekning, dersom lovens vilkår er oppfylt.

Etter § 13-3 blir "yrkesskade" definert som "personskade, en sykdom eller et dødsfall som skyldes en arbeidsulykke". For å kunne karakteriserast som "arbeidsulykke" blir det i praksis stilt krav om at skaden må vere skjedd brått og uventa, og er ei uforutsett hending.

For at ein skade skal kunne dekkast, må skaden ha oppstått medan studenten var:

  • i ein undervisningssituasjon,
  • på undervisningsstaden,
  • i undervisningstida.

Undervisningsstaden er den staden der undervisninga faktisk blir utført. Lesesalsarbeid må her likestillast med undervisning. For universitetet vil omgrepet undervisningstid vere meir tøyeleg, fordi store delar av verksemda faktisk skjer utanfor den ordinære arbeidstida.

Dekkinga etter folketrygdlova omfattar også ekskursjonar, feltarbeid mm. utanfor universitetets område, så lenge slik verksemd skjer i regi av universitetet. Dekkinga omfattar også skadar som oppstår ved ulykke som inntreff når studenten reiser mellom undervisningsstad og praksisstad i forbindelse med praksisavvikling.

NAV avgjer om ein skade vert godkjent i forhold til folketrygdlova. Studenten må sjølv søke NAV om ytingar. Les meir om yrkesskadeforsikring og søknadsprosess.

Dersom ein har budd i utlandet over ein lengre periode vil ein slutte å vere medlem av Folketrygda. Les meir om medlemskap i folketrygda.

Studentar i praksis

Yrkesskadeforsikringsloven gjeld i utgangspunktet ikkje for studentar. Dersom studentar er i praksis kan det likevel på visse vilkår utbetalast ytingar etter yrkesskadeforsikringslova i tillegg til ytingar etter folketrygdlova.

Når studenten er i praksis vil dei kunne reknast som tilsette etter yrkesskadeforsikringslova § 2 dersom dei «gjør arbeid eller utfører verv i arbeidsgiverens tjeneste». Dette føreset at tre vilkår er oppfylt:

  • studenten må ha utført eit arbeid
  • for ein arbeidsgjevar
  • i arbeidstida

Det blir ikkje stilt krav om at studentar som er i praksis må ha utført eit arbeid av same kvalitet som ein fast tilsett på same arbeidsstad. Dersom vilkåra er oppfylt kan dette føre til at studentar får ein større forsikringsutbetaling enn dei ville ha fått etter folketrygdlova.

Studentar som studerer eller er på feltarbeid i utlandet

Studentar som studerer eller som reiser på feltarbeid i utlandet skal ha reiseforsikring. Studentane bør derfor undersøke om dei har forsikring som vil dekke eventuell skade, tap og heimreise ved sjukdom under utanlandsopphaldet.

Det er studentane sitt ansvar å sørge for at dei har reiseforsikring før dei reiser ut.

Les meir om UiB sine råd om helse, tryggleis og forsikring for utreisande studentar.

Forsikring for utanlandske studentar

Utanlandske studentar omfattas ikkje automatisk av Folketrygda sine ytingar, sidan ein må opphalde seg ei viss tid i Noreg før ein blir medlem av Folketrygda. Utanlandske studentar må vende seg til det lokale trygdekontoret for meir informasjon.

Ler meir om regelverket for utanlandske studentar i Noreg.

Erstatning etter alminnelege erstatningsrettslege prinsipp

Universitetet vil sjølvsagt vere ansvarleg for skadar på vanleg erstatningsrettsleg grunnlag. Dette betyr at universitetet vil kunne vere erstatningsansvarleg for skadar oppståtte grunna aktløyse frå dei tilsette ved universitetet, og skadar oppstått grunna feil ved tekniske apparat o.l.

Studentar har altså inga full forsikringsdekning gjennom forholdet sitt til UiB. Dersom du som student ønsker same forsikringsdekning som tilsette ved UiB, bør du teikne reiseforsikring og personskadeforsikring.

Kontakt ved skade

Kontakt fakultetet eller instituttet der skaden skjedde så raskt som mogleg for å få skaden registrert.