Samanliknande politikk er statsvitskap som studerer politiske institusjonar, organisasjonar, prosessar, deltaking og åtferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. På samanliknande politikk får du innsikt i vilkåra for demokrati og demokratisk utvikling, og innføring i ulike måtar demokrati kan bli organisert på.
Du kan blant anna studere politiske ideologiar, partiar, partisystem, valsystem, regional integrasjon, politisk økonomi og offentleg politikk på tvers av land. Du kan også gå i djubden på politikk i ulike delar av verda. Les om erfaringane til studentar og studiekvardagen deira.
Kva kan du bli? Sjå kva sampolkandidatar jobbar med. Vi tilbyr arbeidspraksis integrert i bachelorstudiene!
Kalender
Kva kan du bli?
Sjå kva tidlegare sampolkandidatar jobbar med.
Vi tilbyr arbeidspraksis integrert i bachelorstudiane!
I løpet av studiane er det gode moglegheiter for å reise på utveksling.
Studere samanliknande politikk?
Les om studentar sine erfaringar og få innsikt i studiekvardagen
Kontakt Informasjonssenteret eller studieveileder@isp.uib.no