Stor interesse for SFI-oppstart
- Det krev ein spesiell motivasjon for å drive fram ein SFI. Ein SFF er ein tur i parken i forhold, sa Leif Ove Larsen under møtet som set i gang arbeidet med å førebu seg til neste SFI-runde. Men sjølv om det er krevjande var det stor interesse for å få eit senter for forskingsdriven innovasjon.
Hovedinnhold
Instituttet til Leif Ove Larsen er plassert midt i medieklynga, og er kanskje det fagmiljøet ved UiB som har mest kontakt med næringslivet - kvar dag.
Men heller ikkje dette fagmiljøet klarte å sikre seg ein SFI på første forsøk.
- Vi utvikla ein prosjektsøknad som om det skulle vore ein SFF - Bergen Journalism Lab. Vi meinte at bransjen sjølvsagt burde bejuble dette initiativet. Men dei forsto ikkje kva som foregikk. Vi skreiv ein søknad på nokre månader, og kom til finalen, seier Larsen.
Men så sa Forskingsrådet stopp.
- Tilbakemeldinga var at vi mangla forankring hos industripartnarane våre. Og det skal vi vere glade for i dag: Forholdet vårt til industrien var umodent den gongen.
Men Larsen og kollegaene bygde vidare på samarbeidet dei hadde starta med næringslivet, og heldt hundrevis av møter og workshops saman med dei. Det har resultert i det som i dag er SFI-en MediaFutures.
Det er venta at den neste fristen for å søkje SFI vil bli i 2023 eller 2024, og ettersom jobben er omfattande må søknadsprosessen starte i god tid. Berre å skrive sjølve søknaden tok omlag sju månader for MediaFutures.
Difor har forskings- og innovasjonsavdelinga lagt ein plan for å støtte fagmiljø som er interesserte i å søkje. SFI-frukosten 27. april, der Larsen og andre delte av si erfaring, var det første arrangementet i denne prosessen, og det blir fleire samlingar med ulike tema framover.
Det er òg oppretta eit SFI-forum i Teams, som interesserte ved UiB kan melde seg på.