Feltkursundervisning
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- BIO297
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gje studentane erfaring i undervisning av andre studenter og i å rettleiie studentar i felt. I tillegg vil det gjennom for- og etterarbeid leggast opp til at studentane får eit bevisst forhold til undervisninga.
Kurset bestå av tre deler.
Del 1 - Innføring:
Oppstartsmøte med førebuingar til jobben som undervisningsassistent. Her vil me gå gjennom kva sjølve jobben går ut på (kva som skjer på feltkurset og kva som er forventningane til assistentane), og gje ei kort pedagogisk innføring retta inn mot oppgåvene ein har som assistent på feltkurs.
Oppstartsmøte blir onsdag 22. mai kl. 14.15-16.00 i K3+K4, Bioblokk B.
Del 2 - Feltkurs til Østerbø:
Den andre delen er at ein blir med som assistent på kurset i 2 veker (måndag til torsdag i veke 34 og 35). Oppgåvene på feltkurset inkluderer å hjelpe studentane med identifisering av dyr og planter, rettleiie studenter med prosjektoppgåvene, og ha ansvar for ei gruppe studenter i kvar feltveke. Oppgåvene til assistentane vil kunne variere frå veke til veke.
Del 3 - Rapport:
Den tredje og siste delen består i å skrive ein rapport med utgangspunkt i feltkurset og relevant faglig og pedagogisk litteratur. Temaet for rapporten vil bli diskutert med leiarane på kurset i løpet av innføringsdagen og i løpet av feltkurset. Aktuelle tema kan vere korleis spesifikke deler av feltkurset fungerer, forslag til korleis ein kan forbetre feltkurset eller korleis studentane opplever læringsutbyttet av hele eller spesielle deler av feltkurset. Emnet blir avslutta i haustsemesteret.
Spørsmål? Ta kontakt med studieseksjonen på e-post: studie@bio.uib.no.
Læringsutbyte
Ved fullført emne skal studenten kunne:
- Formidle kunnskap tilegnet gjennom biologistudiet til lågaregradsstudentar.
- Beskrive ulike metodar for formidling av kunnskap og drøfte læringsmetodar og læringsutbytte av eit feltkurs.
- Rettleie studenter i felt.
Undervisningssemester
Vår-haust. Emnet startar i slutten av vårsemesteret, og avsluttast i slutten av haustsemesteret.
Slik søker du:
- Fyll ut dette søknadsskjemaet innan 1. april.
- Du får svar på søknaden på e-post etter søknadsfristen.
- Studentane som får opptak vil bli manuelt meldt opp til emnet på Studentweb i etterkant av opptaket.
Krav til forkunnskapar
BIO102 Organismebiologi 2, eller tilsvarande emne.
Emnet har eit avgrensa antal plassar og inngår i undervisingsopptaket. Opptak til emnet er begrenset og blir gjort på grunnlag av fagbakgrunn, karakter og motivasjonsbrev.
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking på undervisning.
- Deltaking på feltkurs (2 veker).