Erasmus+ tilsettmobilitet
Alle tilsette ved Universitetet i Bergen kan få stipend til utveksling til ei institusjon, organisasjon eller universitet i Europa gjennom Erasmus+.
Main content
Føremålet med opplæringsopphald er overføring av kunnskap, deling av god praksis, tileigning av praktiske kunnskapar og få nye idear til undervisning og læring – som videre kan delast internt ved heimeinstitusjonen. Det er også eit overordna mål at aktivitetane skal styrke internasjonaliseringsstrategien til institusjonen. Erasmus+ opplæringsopphalg gjev UiB sine ansatte moglegheit til å halde kontakt med kollegaer og lærestader i EU-landa, Island, Lichtenstein, Nord-Makdedonia, Serbia og Tyrkia.
Konferansar eller anna type arrangement som berre er dedikert til ei bestemd fagleg disiplin, kvalifiserer ikkje som opplæringsopphald. Vitskaplege konferansar, symposium eller akademiske/vitskaplege kurs er ikkje godkjende aktivitetar.
Følgjande aktivitetar er døme på aktivitetar som kan inngå i eit opplæringsopphald (lista er ikkje uttømmande):
• Jobbskygging
• Observasjon
• Workshop
• Seminar
• Staff training weeks
Dei fleste tilsette ved UiB kan søkje om stipend, både teknisk-administrativt og vitskapeleg tilsette.
Døme på Erasmus+ tilsettmobilitet:
- Teknisk- administrativ personale reiser til et universitet i utlandet, for å dra nytte av partnerinstitusjonen sine erfaringar og good practice.
- Staff training weeks, som blir organiserte ved mange universitet. Du finn ei oversikt over ein del Staff training weeks her. Dersom du ønskjer meir informasjon, kan du også kontakte koordinator for Erasmus+ tilsettmobilitet Helge Bjørlo.
- Opplæring i en bedrift eller ved eit universitet (vitskapeleg tilsette på labopplæring, job-shadowing for administrativt-teknisk tilsette)
Avtalar
UiB har inga portefølje av avtalar for tilsettutveksling, og den tilsette må sjølv organisere eit utvekslingsopphald og eit opplegg i ein bedrift, organisasjon eller universitet. Tilsettutveksling kan gjennomførast ved eit av UiB sine avtaleuniversitet eller ein organisasjon/insititusjon som tilbyr relevant opplæring. Søknader om tilsettopphald ved universiteta som er med i universitetsalliansen CHARM-EU vil bli prioriterte.
Formelle krav
Opphaldet må vare i minimum to dagar utanom reise, og maksimum to månader. Det vanlege er 3-5 dagar, og normalt vil ein ikkje få erasmusstøtte for meir enn ei arbeidsveke (5 dagar). Den tilsette må skrive ein søknad som må godkjennas av næraste leiar, og som må sendast frå instituttet/fakultetet/eininga i ePhorte til Studieadministrativ avdeling. Søknaden kan gjerne vere Mobility Agreement (sjå lenger ned på sida), fylt ut og signert av både den tilsette, sender- og mottakarinstitusjon. Det er et krav at Mobility Agreement med hovudmål og venta resultat av opphaldet, samt et program for mobilitetsperioden, ligg føre før ansattutvekslinga startar.
Dersom det vert konkurranse om plassane for erasmus tilsettmobilitet, vil tilsette som ikkje tidlegare har vore på tilsettutveksling, eller institutt/fakultet/einingar som ikkje tidlegare har sendt tilsette på tilsettutveksling, verte prioriterte. Vil vil normalt ikkje gje støtte til fleire enn fire personar til same aktivitet.
Det er to søknadsfristar i året ved Universitetet i Bergen:
15. september og 15. januar. Det er inga søknadshandsaming utover desse to fristane så det er viktig å søke innan fristen for det følgande semesteret.
Ta kontakt med administrasjonen på ditt institutt/fakultet dersom du ønskjer å reise på Erasmus tilsettopphald. Søknaden må kome frå leiar ved instituttet/fakultetet og blir å sende til Erasmus institusjonskoordinator, Studieadministrativ avdeling i ePhorte saksnummer 24/7326. Erasmusstipendet vil normalt ikkje dekkje alle utgifter til eit opplæringsopphald, og utgifter utover Erasmusstipendet må dekkjast av institutt/fakultet.
Erasmusstipendet
Stipendet tildeles etter satsar for opphald og reise etter kva land i Europa du reiser til:
Vertsland og sats for opphald
Danmark, Finland, Island, Irland, Liechtenstein, Luxemburg, Sverige: 130 € per dag
Austerrike, Belgia, Frankrike, Hellas, Italia, Kypros, Malta, Nederland, Portugal, Spania og Tyskland: 115 € per dag
Bulgaria, Kroatia, Estland, Latvia, Litauen, Nord-Makedonia, Polen, Romania, Serbia, Slovakia, Slovenia, Tyrkia, Tsjekkia og Ungarn: 100 € per dag
Reisesatsar
Reiseavstand mellom 100 og 499 km: 180 € per deltakar
Reiseavstand mellom 500 og 1999 km: 275 € per deltakar
Reiseavstand mellom 2000 og 2999 km: 360 € per deltakar
Reiseavstand mellom 3000 og 3999 km: 530 € per deltakar
Reiseavstand mellom 4000 og 7999 km: 820 € per deltakar
8000 km eller lenger: 1500 € per deltakar
Europakommisjonen sin reisekalkulator skal nyttast for å finne reiseavstand: http://ec.europa.eu/programmes/erasmus-plus/tools/distance_en.htm
Grønn reise Erasmus
UiB ønskjer å redusere klimaavtrykket sitt og vere klimanøytralt innan 2030. All reiseverksemd, både for studentar og tilsette, vil påverke klimaavtrykket vårt. Erasmusprogrammet har same ønskje om å gjere mobiliteten innan programmet så klimanøytral som mogleg. Derfor er det eigne reisesatsar for dei som vil reise meir klimanøytralt (tog, buss eller bil).
Reiseavstand mellom 100 og 499 km: 210 € per deltakar
Reiseavstand mellom 500 og 1999 km: 320 € per deltakar
Reiseavstand mellom 2000 og 2999 km: 410 € per deltakar
Reiseavstand mellom 3000 og 3999 km: 610 € per deltakar
Stadfesting og rapport etter opphaldet
For at det skal kunne betalast ut Erasmus-midlar etter ei tilsettutveksling må følgjande dokumentasjon ligge føre:
Utvekslingsavtale (Mobility agreement)
Stadfesting på tilsettmobilitet
Signert stipendavtale
Reiserekning
Rapport
Rapporten skal leverast via ei lenke som blir sendt frå EU-kommisjoen til e-postadressa di, etter endt utveksling.
Reiserekning skal leverast på vanleg måte til ditt institutt/fakultet, saman med kvitteringane. Studieadministrativ avdeling vil deretter overføre det tildelte stipendet til instituttet/fakultetet etter at dokumentene nemd over er levert til Erasmuskoordinator.