Hjem
Digitale læringsfellesskap
Klasseleiing

Klasseleiing og IKT i vidaregåande opplæring

Denne forskningsrapporten er utarbeidd på oppdrag fra Kunnskapsdepartementet og Rogaland Fylkeskommune, og presenterer resultata frå ein følgjeforskingsstudie som har vore gjennomført i perioden 2009–2011 i Rogaland fylkeskommune (Rogalandsstudien). Tema for følgjeforskinga er klasseleiing i teknologirike klasserom, og undersøkinga inkluderer både lærarar (N = 606) og elevar (N = 1784) i vidaregåande opplæring i eit Mixed Method Design. Artikkelen presenterer resultata frå to av dei tre delstudiane i følgjeforskinga med særskilt fokus på lærarar og elevar si sjølvrapportering gjennom ei spørjegransking, samt kvalitative funn gjennom intervju, observasjonar og feltsamtaler. Funna frå studien peikar i retning av at det er fleire nye klasseleiingsutfordringar i teknologirike klasserom som læraren må handtere i ein digital skulekvardag. Med atterhald om nokre signifikante, men svake samanhengar er dei didaktiske implikasjonane frå studien sett under eitt at lærarar har behov for kompetanseheving innan både klasseleiing og digital kompetanse for å kunne handtere lærargjerninga si i teknologirike læringsmiljø i vidaregåande opplæring på ein kunnig måte. I tillegg må elevane tileigne seg betre digital sjølvdisiplin og sjølvregulering med omsyn til digitale distraksjonar som ein del av den digitale kompetanseutviklinga si.

Hovedinnhold