Her er UiB sin energidirektør
Vår nye energidirektør Kristin Guldbrandsen Frøysa vil at UiB sitt arbeid med energiomstilling og alternativ energi skal verta meir synleg . Sjå intervju med UiB sin første energidirektør!
Hovedinnhold
Klima og energiomstilling er eitt av Universitetet i Bergen (UiB) sine tre satsingsområde.
Kristin Guldbrandsen Frøysa er no byrja som energidirektør, og får det administrative ansvaret for universitetet si energisatsing.
Frøysa har bakgrunn som seniorforskar på Christian Michelsen Research (CMR), og frå 2010 til 2017 var ho direktør for senteret Norcowe, som har status som forskingssenter for miljøvenleg energi (FME). Ho har også erfaring frå industri. Sidan 2016 har ho vore førsteamanuensis II ved Geofysisk institutt ved UiB.
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har det overordna ansvaret for satsinga innan klima og energiomstilling.
Energidirektøren har saman med fagleg leiing ved fakultetet og ein klimadirektør ei sentral rolle som pådrivarar for det tverrfaglege satsingsområdet. Tore Furevik, direktør for Bjerknessenteret for klimaforsking, vil ha rollen som klimadirektør. Energidirektøren vil ha eit særskilt ansvar i arbeidet med å følgje opp UiB sine ambisjonar og mål innan energiomstilling.
Energidirektøren vil ha ansvar for å organisere og leie samarbeid om forsking, utdanning og innovasjon på tvers av fagfelt og fakultet, og bidra til å leggje til rette for god fagleg utvikling i godt samspel med eksterne aktørar lokalt, nasjonalt og internasjonalt.