Aspektar ved det engelske språksystemet
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ENG120L
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet utforskar språksystemet og tek for seg ein eller fleire sentrale språkkomponentar i engelsk, som t.d. leksikon, semantikk, fonologi, morfologi eller syntaks.
Innhaldet i emnet kan variere frå år til år.
Emnet kombinerer teori og praktiske øvingar for å gi studentane ei brei forståing av innhaldet.
Læringsutbyte
Ved avslutta emne har studentane følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse. Desse vert oppnådd ved sjølvstendig arbeid med pensum, førebuing til forelesingar og seminar, og gjennomføring av obligatoriske aktivitetar som er spesifiserte under «Obligatorisk undervisningsaktivitet»:
Kunnskapar
Studentane
- har inngåande kunnskap om aspekt ved det engelske språksystemet
- har kjennskap til omgrep og terminologi som vert nytta i studiet av det engelske språksystemet
Ferdigheiter
Studentane kan
- bruke språkdata til å diskutere, forklare og kontekstualisere språkstrukturar og -fenomen
- skildre og analysere data som er relevant for språksystem
- diskutere tema innan språksystem med eit presist omgrepsapparat
- -dentifisere og skildre ulike omgrep og metodar som er relevante for språksystem, i arbeid med språkdata
- velje ut relevant informasjon frå ulike kjelder
- knyte avanserte lingvistiske omgrep og teoriar til kjende omgrep og teoriar
Generell kompetanse
Studentane kan
- tenke og argumentere analytisk, kritisk og sjølvstendig
- bruke analytiske omgrep, teoriar og metodar i vitskaplege språkstudium
- handtere og organisere ny informasjon og knyte den til kjend kunnskap
- arbeide sjølvstendig, planleggje eige arbeid, nå mål og halde tidsfristar
- uttrykkje seg på korrekt akademisk engelsk, både skriftleg og munnleg
- utvide deira kunnskap gjennom vidare studiar av engelsk lingvistikk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages
Ein vil sterkt rå til at studentane har teke innføringssemesteret og ENG110 (Lydar og strukturar) eller tilsvarande kurs.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar: opp til 24 timar
Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne ta eksamen må studentane ha gjennomført og bestått følgjande obligatoriske aktivitetar:
- ein kort presentasjon eller ei skriftleg oppgåve, maks 500 ord (typen aktivitet kan variere frå år til år)
- ei fleirvalsoppgåve
Detaljert informasjon om oppgåvene, presentasjonane og prosedyrar/fristar for innlevering vert kunngjort på Mitt UiB. Alle obligatoriske arbeidskrav må gjennomførast i same semester.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Eksamen er ein to timars skoleeksamen i Inspera.
Studentar som ikkje har oppfylt dei obligatoriske krava (sjå «Obligatorisk undervisningsaktivitet») misser retten til å ta eksamen.