Norrøn dikting

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studentane skal bli i stand til å lese og forstå eddadikt og skaldedikt i original språkform, i tillegg kjem grunnleggjande kunnskap om runedikting. Dei skal bli fortrulege med viktige hjelpemiddel og faglege ressursar.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein student som har teke eksamen i NOFI113.

- har grunnleggjande kunnskap om eddadiktinga, både gudedikt og heltedikt, og om både eldre og yngre skaldedikting

- har grunnleggjande kunnskap om metrikken i norrøn dikting

- har grundig kunnskap om eit utval eddadikt og skaldedikt i original språkform

- har basiskunnskap om eldre germansk dikting og runedikting

Ferdigheiter

Studenten

- kan kommentere og analysere eit utval eddadikt og skaldestrofer i original språkform

- kan kommentere og analysere metrikken i ukjende eddadikt og skaldestrofer

- kan forklare bruken av heiti og kenningar i skaldediktinga

Generell kompetanse

Studenten

- kan identifisere referansar til - eller element frå norrøn dikting i seinare litteratur, kunst og film

- kan reflektere over andre estetikkar og kontekstar som gjeld for dikting i eldre tider eller andre kulturar

Studiepoeng, omfang

  • 10
  • Studienivå (studiesyklus)

    Bachelor

    Undervisningssemester

    Haust

    Undervisningsstad

    Bergen
    Krav til forkunnskapar
    NOFI101 eller tilsvarande
    Tilrådde forkunnskapar
    Emnet har ingen spesifikke tilrådde forkunnskapar
    Studiepoengsreduksjon
    NOFI113 overlappar 5 studiepoeng med det tidlegare emnet NOFI109.
    Krav til studierett
    Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
    Arbeids- og undervisningsformer

    Førelesingar

    Undervisninga blir lagd opp med tanke på aktiv deltaking, og det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.

    Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

    Obligatorisk undervisningsaktivitet

    1) Oppmøte på minst 75 % av den oppsette undervisninga.

    2) Ein kort presentasjon (15-20 minuttar) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.

    3) Arbeid med ei semesteroppgåve:

    a) Rettleiing frå faglærar er obligatorisk. Studenten må sjølv søkje rettleiing og møte fram til denne.

    b) Frist for godkjenning av tema for oppgåva er fem veker før endeleg innlevering. Denne fristen blir kunngjord på Mitt UiB.

    c) Frist for innlevering av førsteutkastet til oppgåva er tre veker før endeleg innlevering.

    Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret.

    Vurderingsformer

    Ei rettleidd semesteroppgåve.

    Studenten vel tema for semesteroppgåva i samråd med faglærar. Omfanget av oppgåva skal vere på 13-17 sider (31200-40800 teikn inkl. mellomrom), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

    Semesteroppgåva skal skrivast på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.

    Karakterskala
    Karakterskala A-F.
    Vurderingssemester
    Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
    Litteraturliste

    Sjå litteraturliste.

    Det er høve til å skifte ut delar av denne litteraturen etter avtale med faglærar, men i så fall må den reviderte pensumlista godkjennast av faglærar innan ein frist som blir kunngjord ved opninga av kurset.

    Emneevaluering
    Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ikkje relevant.
    Programansvarleg
    Programstyret for nordisk
    Emneansvarleg
    Programstyret for nordisk
    Administrativt ansvarleg
    Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium