Realfagsdidaktikk 2

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet gir innsikt i korleis ulike oppgåvetypar og prøvekulturar kan fremme læring.

Emnet gir innsikt i årsplanlegging og korleis ulike prøvekulturar og tolkingar av læreplanar kan fremme djupnelæring.

Emnet gir kunnskap og ferdigheiter knytt til utforsking og utvikling av egen praksis.

Innhald:

I dette faget vil studenten bli kjend med korleis ein lærer jobbar med oppgåver, prøvar og årsplanlegging for å fremme djupnelæring.

Studentane vil møte lærarar frå skolen som kommer med konkrete eksempel frå skolen, og didaktikkar som knyter teori og praksis saman.

Studentane skal få erfaring med analysering av FoU prosjekter i skolen, og korleis man kan jobba forskingsbasert for å utvikle eigen praksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten skal kunne

  • drøfte korleis utforsking av praksis i skolen kan og bør gjennomførast
  • greie ut om ulike oppgåvetypar og korleis disse kan brukast til ulike formål i undervisning
  • greie ut om teoriar som skal liggje til grunn når ein vurderer munnleg og skriftleg vurderingsarbeid
  • drøfte ulike verktøy for å vurdere fagleg progresjon til eleven, og planlegge dette inn i en årsplan

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • reflektere over undervisningspraksis, og bruke forskingsresultat til vidareutvikling
  • analysere og vurdere FoU-prosjekter i skulen opp mot didaktisk faglitteratur
  • lage oppgåver til ulikt bruk som fremmer djupnelæring og forståing hos elevane
  • analysere oppgåvesett i lys av relevant teori
  • gjennomføre vurderingsarbeid basert på ulike typar vurderingskriterier
  • planlegge ein periodeplan i eit realfag basert på læreplanen, og bruke prinsipp om meningsskapande samsvar i denne planlegginga
  • ivareta helse, miljø, sikkerhet og utstyr ute, på lab, og i naturfagrom.

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • søke opp vitskaplege kjelder og bruke disse kjeldene på en saklig måte
  • bruke grunnleggjande regler for oppbygging av vitskapleg tekst med korrekt kjeldebruk.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust. Føste gang hausten 2026
Krav til forkunnskapar

PEDA130 og REALDI100-P.

Emnet skal normalt tas parallelt med PEDA131 og langpraksis i 5. semester

Tilrådde forkunnskapar
Kampusdag 3 og 4
Krav til studierett
Studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet sitt lektorprogram i naturvitskap og matematikk
Arbeids- og undervisningsformer

Det blir brukt arbeids- og undervisningsformer som inneber diskusjon av faglege problemstillingar i grupper og plenum, arbeid med case- og problembaserte oppgåver i grupper og seminar med krav til forberedt deltaking.

Studentane vil møte lærarar frå skolen som kommer med konkrete eksempel frå skolen, og didaktikkar som dekker pensum for temaet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Inntil tre obligatoriske oppgåver både alene og i grupper, og både skriftlege og munnlege, som kobler teorien opp mot praksis eller eksempel/case frå skolen.

Gyldig i fire semester; inneverande og tre påfølgjande. Må være godkjent for å levere eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Skriftleg prosjektoppgåve knytt til FoU-prosjektet ved praksisskolen.

Denne skriftlege innleveringa oppfyller dermed kravet foreslått av rammeplanutvalet om at «i løpet av de første tre studieårene skal studentane skrive en profesjonsretta FoU-oppgåve knytt til studentens fag.» I tillegg er den kobla til fleire av kompetansemåla om forsking på egen praksis, forsking i skolen, vurdering av FoU-arbeid og kjeldebruk.

Karakterskala
Bokstavkarakterer med skalaen A, B, C, D, E, F
Vurderingssemester
Haust/Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli ved kursoppstart.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Lektorutdanningsutvalget og UiBs sentrale programstyre for lektorutdaning har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet. Matematisk institutt har det administrative ansvaret for programmet.
Emneansvarleg
Insitutt for biovitenskap har emneansvaret, men da emnet er et fellesemne for lektorstudentar på tvers av fag, skal studieplanendringar godkjennast av Lektorutdanningsutvalget
Administrativt ansvarleg
Institutt for biovitenskap har det administrative ansvaret for emnet.