Revisjonsprosjektet
Revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka er eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Bergen og Språkrådet. Prosjektet starta opp i 2018 og går ut 2024, og det er finansiert av Kultur- og likestillingsdepartementet.
Hovedinnhold
Revisjon av Bokmålsordboka og Nynorskordboka (Revisjonsprosjektet) er eit sjuårig samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Bergen (UiB) og Språkrådet. Målet er å gjennomføre den første gjennomgåande innhaldsrevisjonen sidan desse to norske standardordbøkene først blei trykte i 1986.
Sjølv om Bokmålsordboka og Nynorskordboka i si tid blei utforma av to redaksjonar som samarbeidde tett, er dei delvis ulike i omfang og utforming. Når brukarane i dag nyttar nettsida ordbøkene.no, får dei ordbøkene opp ved sida av kvarandre, og ulikskapane mellom ordbøkene blir ofte tolka som ulikskapar mellom bokmål og nynorsk – sjølv om det langt frå alltid er tilfelle. Ein viktig del av oppdraget til Revisjonsprosjektet er derfor å gjere ordbøkene likare i struktur og omfang så lenge det er grunnlag for det i dei to skriftspråka. Redaktørane skal dessutan sjå om definisjonar, bruksdøme og faste uttrykk er i tråd med dagens språkbruk, og vi skal fylle på med ord og tydingar som har kome til.
Bokmålsordboka og Nynorskordboka er dei einaste fritt tilgjengelege digitale ordbøkene som gjer greie for heile breidda av normerte former. Dei blir løpande oppdaterte i tråd med nye rettskrivingsvedtak i Språkrådet, og saman utgjer dei fasiten for korleis ord skal skrivast og bøyast i norsk.
I store delar av 2023 arbeidde redaksjonen med den svært omfattande bokstaven s, og i løpet 2024 skal vi komme gjennom strekket t til å. Vi har med nokre unntak publisert både dei nyreviderte og splitter nye artiklane som ligg i alfabetstrekket a til og med o. Alle artiklar blir reviderte og kvalitetssikra i redaksjonen ved UiB (sjå under), så korrekturlesne av ein av seniorkonsulentane våre i Språkrådet (Ålov Runde, Knut E. Karlsen, Dagfinn Rødningen og Sturla Berg-Olsen), før dei blir publisererte på ordbøkene.no.
Ordbokartikkel revisjonsprosjekt n3 kortform av et bestemt forskningsprosjekt: Revisjon av Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Samarbeidsprosjekt (2018–2024) mellom Språkrådet og Universitetet i Bergen (tilknyttet Språksamlingene på Universitetsbiblioteket og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier). Formålet med prosjektet er å sikre at Bokmålsordboka og Nynorskordboka forblir de viktigste kildene til norsk rettskriving. Revisjonsprosjektet skal fornye og forbedre ordbøkene |
Meir om Revisjonsprosjektet
I løpet av sjuårsperioden 2018–2024 skal ordbokredaktørane gå gjennom Bokmålsordboka og Nynorskordboka frå A til Å. Utvalet av oppslagsord skal bli likare i dei to nettordbøkene, definisjonane av orda skal reviderast, og vi skal leggje inn nyare ord og tydingar. Før prosjektet begynte, var det 70 000 oppslagsord i Bokmålsordboka og 90 000 i Nynorskordboka. Målet er at det skal vere rundt 100 000 oppslagsord i begge når prosjektet er over.
Det er ordbokredaksjonen ved Universitetet i Bergen som vel ut kva slags ord og tydingar som skal vere med i ordbøkene, medan Språkrådet bestemmer korleis orda skal skrivast og bøyast på bokmål og nynorsk. I tilfellet abaya ('lang, ofte svart kappe som tradisjonelt har vore brukt av kvinner i arabiske land') har ein redaktør sett at det er solid grunnlag i ulike norske tekstsamlingar for å ta ordet inn i Bokmålsordboka og Nynorskordboka, men det er opp til Språkrådet å bestemme skrive- og bøyingsmåten.
Hovudmålet med revisjonen er å sikre at Bokmålsordboka og Nynorskordboka også i framtida skal vere dei viktigaste kjeldene språkbrukarane har til oppdatert og gratis informasjon om rettskriving i bokmål og nynorsk. Ordbøkene skal gje eit så fullstendig og korrekt bilde av norsk språk som mellomstore ordbøker kan gjere når det gjeld ordutval, ordlaging, rettskriving, tyding og bruk.
Organiseringa av prosjektet
Universitetet i Bergen (UiB) og Språkrådet eig Bokmålsordboka og Nynorskordboka i fellesskap, og begge er representerte både i styringsgruppa og arbeidsutvalet for standardordbøkene og ordbanken.
Ordbokredaktørane i Revisjonsprosjektet er tilsette ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved UiB, og har jamleg kontakt med fagmiljøa i nordisk språkvitskap og allmenn lingvistikk. Mellom anna held redaksjonen med jamne mellomrom innlegg på forskargruppeseminara om nordisk språkvitskap og diskuterer datatekniske løysingar med allmennlingvistane. Dessutan samarbeider vi tett med Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen:
- Språksamlingane forvaltar Bokmålsordboka, Nynorskordboka, Norsk Ordbok og alt grunnlagsmaterialet for desse.
- Den fast tilsette leksikografen på Språksamlingane brukar om lag halvparten av arbeidstida si på Revisjonsprosjektet.
- Arkivarane og dei IT-tilsette på Språksamlingane arbeider med løysingar både for ordbøkene og resten av samlingane.
For Språkrådet er Bokmålsordboka og Nynorskordboka dei viktigaste reiskapane dei har for å spreie informasjon om gjeldande rettskriving i bokmål og nynorsk. Ordbokredaksjonen i Bergen har dagleg kontakt med seksjonen for språkrøkt og språkrådgjeving i Språkrådet om konkrete og prinsipielle språkspørsmål.
Idear til master- og doktorgradsprosjekt
Revisjonsprosjektet ønskjer studentar på ulike nivå velkomne til å forske på ord og ordbøker. Innanfor leksikologien og leksikografien kan ein velje mange retningar, som grammatikk, semantikk, pragmatikk, etymologi, uttale, sosiale og geografiske tilhøve, forholdet mellom norm og språkbruk, importord/avløysarord/norvagisering, lemmautval, fraseologi, ordbokbrukarundersøkingar, korpuslingvistikk med meir.
Revisjonsprosjektet og Språksamlingane har eit rikhaldig kjeldemateriale å by på, og vi samarbeider tett med infrastrukturprosjekt som Clarino. Om du er student ved UiB, skjer rettleiing som regel i samarbeid med forskarar ved nordisk språkvitskap og allmenn lingvistikk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Andre studentar må ordne med rettleiing ved sine heimeinstitusjonar. Ta kontakt med hovudredaktør Margunn Rauset på e-post om du har spørsmål.
På fellessida til Revisjonsprosjektet og Norsk Ordbok a - h har vi samla konkrete forslag til moglege oppgåver. Der finn du òg informasjon om dei årlege utlysingane av masterstipend og ymse anna fellesstoff.
På skuldrene til kjemper
Bokmålsordboka blei utarbeidd ved avdeling for bokmål ved Norsk leksikografisk institutt, Universitetet i Oslo, i samarbeid med Norsk språkråd. Førsteutgåva frå 1986 har om lag 65 000 oppslagsord. Den faste redaksjonen bestod av Marit Ingebjørg Landrø og Boye Wangensteen. Sjå fororda til dei ulike utgåvene for oversikt over redaktørane av Bokmålsordboka:
1. utgåve 1986 Universitetsforlaget Forord
2. utgåve 1993 Universitetsforlaget Forord
3. utgåve 2004 Kunnskapsforlaget Forord
3. reviderte utgåve 2005 Kunnskapsforlaget
Nettutgåve 2016
Bjørghild Kjelsvik, redaktør 2016–2018
Terje Svardal, redaktør 2017–
Christian-Emil Ore, UiO, IT-format
Nynorskordboka blei utarbeidd ved avdeling for nynorsk ved Norsk leksikografisk institutt, Universitetet i Oslo, i samarbeid med Norsk språkråd. Førsteutgåva frå 1986 har om lag 90 000 oppslagsord. Redaksjonen bestod av Marit Hovdenak, Laurits Killingbergtrø, Arne Lauvhjell, Sigurd Nordlie, Magne Rommetveit og Dagfinn Worren. Sjå fororda til dei ulike utgåvene for oversikt over redaktørane av Nynorskordboka:
1. utgåva 1986 Det Norske Samlaget Forord Innleiing Forord til 3. opplaget
2. utgåva 1993 Det Norske Samlaget Forord
3. utgåva 2001 Det Norske Samlaget Forord
4. utgåva 2006 Det Norske Samlaget Forord
Nettutgåve 2012 Forord
Oddrun Grønvik, redaktør 2012–14
Terje Svardal, redaktør 2017–
Christian-Emil Ore, UiO, IT-format
Sjølv om det inntil nyleg ikkje har vore løyvd pengar til omfattande revidering av Bokmålsordboka og Nynorskordboka, har det i dei seinare utgåvene av dei trykte ordbøkene likevel kome inn ein del nye ord, fleire tydingar og fleire døme på korleis orda blir brukte. Då 3. utgåve av Bokmålsordboka kom i 2005, var oppslagsord og bøyingar ajourførte i samsvar med rettskrivingsendringane som tok til å gjelde i bokmål same år. Etter at det kom ny rettskriving i nynorsk i 2012, skjedde det ei tilsvarande ajourføring av nettutgåva av Nynorskordboka. Alle oppslagsord, også samansetjingar, fekk no ordklasse og full bøying. Ordboka blei kopla til Norsk ordbank, slik at all rettskrivingsinformasjon blir henta derfrå. Bokmålsordboka har vore kopla til Norsk ordbank sidan 2015.
Det har dessutan skjedd mykje på den datatekniske sida. Christian-Emil Ore og kollegaer ved eining for digital dokumentasjon ved Universitetet i Oslo utforma databaseformatet og tilpassa ordbøkene for nettpublisering. Dei første nettutgåvene av Nynorskordboka og Bokmålsordboka kom i 1994. Ordbokportalen ordbok.uib.no tillèt både felles og separate søk, og ein kan òg nå portalen gjennom dictionaryportal.eu.
I 2016 blei ansvaret for Nynorskordboka og Bokmålsordboka overført frå Universitetet i Oslo til Universitetet i Bergen, framleis med Språkrådet som medeigar. Revisjonsprosjektet tek seg no av innhaldet i ordbøkene, medan ansvaret for databasane og nettpubliseringa ligg hos Universitetsbiblioteket og IT-avdelinga ved Universitetet i Bergen.
Revisjonsprosjektet blei innleia med eit førebuingsprosjekt i januar–juni 2018. Tilsette der var Oddrun Grønvik, Bjørghild Kjelsvik og Margunn Rauset, i tillegg til at Christian-Emil Ore fungerte som støttespelar for IT-avdelinga ved Universitetet i Bergen. Det var eit viktig ledd i kunnskapsoverføringa mellom universitetsmiljøa og for å få tilrettelagt for oppstarten av sjølve prosjektet 1. september same år. I denne perioden og fram til 2019 var Rune Kyrkjebø dagleg leiar for Revisjonsprosjektet.
Arbeidsmetodar i Revisjonsprosjektet
Redaktørane i Revisjonsprosjektet arbeider materialbasert. Sentralt står dei vitskaplege språksamlingane ved Universitetet i Bergen, som delvis ligg opne på usd.uib.no. I tillegg bruker vi søkjeverktøy for å analysere tekst på ord- og setningsnivå. Tekstkorpus er ei god empirisk kjelde når ein skal vurdere kva oppslagsord som bør vere med i ordbøkene, kva dei betyr, korleis orda oppfører seg syntaktisk, for å finne illustrative døme på korleis orda blir brukte og frasar og fleirordsuttrykk som orda inngår i.
Redaktørane brukar m.a. verktøy for språkanalyse som er tilgjengelege via språkinfrastrukturen CLARINO (http://clarin.w.uib.no/). Til dømes er Korpuskel (clarino.uib.no/korpuskel) ein reiskap for å søkje på ord og fraser. Hausten 2018 vart han utvida og vidareutvikla, slik at redaktørane i Revisjonsprosjektet kan søkje i fleire korpus samtidig. Vårt utval av korpus inneheld kvalitetssikra materiale som til saman gjev eit materiale på nesten 3,1 milliardar ord, jf. tabell 1 under.
Korpusnamn | Skrift-språk | Storleik (mill.) | Tidsrom | Sjanger | Tilgang |
Forskning.no (2017) | nob | 26,2 | 1998–2017 | tekst: sakprosa | avgrensa |
NAOB-tekster | nob | 238,7 | 1846–2018 | tekst: skjønnlitteratur | avgrensa |
NBs frie tekster (bokmål) | nob | 516,4 | 1765–2013 | tekst: blanda | open |
NBs frie tekster (nynorsk) | nno | 46,0 | 1850–2010 | tekst: blanda | open |
Norsk aviskorpus (bokmål) | nob | 2046,3 | 1998–2021 | tekst: sakprosa | open |
Norsk aviskorpus (nynorsk) | nno | 21,1 | 1998–2020 | tekst: sakprosa | open |
Norsk aviskorpus annotert | nob | 35,7 | 2001–2009 | tekst: sakprosa | open |
Nynorskkorpuset | nno | 129,1 | 1866–2012 | tekst: blanda | avgrensa |
Nynorskkorpuset (2017) | nno | 4,0 | 1926–2017 | tekst: blanda | avgrensa |
Talk Of Norway | nob, nno | 64,3 | 1998-2016 | tekst: sakprosa | open |
Dialektendring (Talebank) | nno | 5,6 | 1960–2020 | tale: dialektkorpus | avgrensa |
Industristad (Talebank) | nno | 2,3 | 1948–2013 | tale: dialektkorpus | avgrensa |
Talesøk (Talebank) | nno | 1,9 | 1998–2016 | tale: dialektkorpus | avgrensa |
Tabell 1: Korpus som i 2033 er søkbare gjennom Korpuskel-leks
Til dømes kan vi gjere komplekse søk i Nynorskkorpuset, Norsk aviskorpus og dei frie tekstane til Nasjonalbiblioteket samtidig. Søkjetreffa kan sorterast etter frekvens over tid og distribusjon i ulike korpus, noko som i høg grad lettar det empiriske arbeidet til redaktørane.
Infrastrukturen INESS (clarino.uib.no/iness) lar oss søkje etter syntaktiske konstruksjonar som ikkje er så lette å søkje etter i eit tradisjonelt tekstkorpus. NorGramBank inneheld syntaktisk analysert materiale for norsk (til saman rundt 80 millionar ord). Der kan vi hente ut «word sketch»-liknande informasjon, som til dømes kva slags ord som knyter seg til ulike verb (sånn som gifte seg, gifte bort, gifte seg til) eller typiske døme på korleis at-setningar blir styrte av preposisjonar (etter at, utan at).
Dersom du ønskjer å lese meir om materialet og bruken av Korpuskel-leks og INESS, kan vi tilrå artikkelen: «Kollokasjonar – språkets R2-D2 og C-3PO» av Gunn Inger Lyse, Margunn Rauset og Helge Dyvik (2022).
I tillegg til kjeldene nemnt ovanfor, brukar vi mellom andre desse:
Brukstatistikk for ordbøkene
Etter at vi har sett ein svak nedgang i bruken av nettordbøkene på ordbok.uib.no i nokre år, parallelt med at fleire har teke i bruk appen Ordbøkene, var det ein pen vekst i antal søk i nettordbøkene på 12,5 % i 2020 (frå 33 528 665 til 37 728 162). Auken omfattar både dei som vel å berre bruke éi av ordbøkene (altså søk i enten Bokmålsordboka eller Nynorskordboka) og bruk av standardoppsettet med søk i begge ordbøkene samstundes (i figuren kalla fellessøk på nett).
Apputviklaren har grunna ein feil i overgangen til nytt analyseverktøy ikkje tal på kor mange søk som blei utført i appen Ordbøkene, så eit forsiktig overslag er at bruken var om lag som i 2019. Ser ein på veksten frå 2018 og 2019, blei appen truleg brukt meir i 2020 enn som så. På tvers av plattformer blir det i snitt utført nærare 160 000 søk i døgnet i dei to ordbøkene.
Dei tre nedste felta i kolonnene viser søk på nettsida ordbok.uib.no. Det lyseblå feltet nedst i kolonnene viser søka der brukarane har valt å berre få treff i Bokmålsordboka, det oransje feltet viser søka berre i Nynorskordboka og det grå feltet viser fellessøka i begge ordbøkene – som er standardoppsettet på nettsida. Det blå feltet på toppen viser søk i appen Ordbøkene. Der har vi ikkje tilgjengeleg statistikk som skil mellom om brukarane søkjer i éi eller begge ordbøkene.
På denne sida finn du løpande oppdatert statistikk for nettsida til Bokmålsordboka og Nynorskordboka: https://ordbok.uib.no/perl/ordbokstatistikk.cgi
Under finn du meir informasjon om søk og ulike teljemåtar for ordbokbruken før og etter 2016. Bokmålsordboka og Nynorskordboka har vore digitalt tilgjengelege sidan 1994. Det er viktig å vere klar over at bruksstatistikk generert før 2016 (dvs. medan ordbøkene låg ved Universitetet i Oslo) ikkje er direkte samanliknbar med bruksstatistikk generert etter at ordbøkene blei overførte til Universitetet i Bergen.
Bruksstatistikk t.o.m. 2016
Brukstal for dei digitale ordbøkene ligg føre frå og med 2000, slik Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum har oppsummert i tabellen under, henta frå Språkfakta 2015.
Tal på søk i nettutgåvene av Nynorskordboka og Bokmålsordboka 2000–2014
| Nynorsk-ordboka | Bokmåls-ordboka | I alt | % NN | % BM |
2000–2004 | 5 947 557 | 10 721 976 | 16 669 533 | 35,7 | 64,3 |
2005–2009 | 41 078 264 | 57 202 168 | 98 280 432 | 41,8 | 58,2 |
2010–2014 | 117 686 568 | 184 580 827 | 311 660 135 | 38,9 | 61,1 |
Sum | 164 712 389 | 252 504 971 | 417 217 360 | 39,5 | 60,5 |
Kjelde: Språkfakta 2015, tabell 13.2.1. Publisert første gongen i Språkfakta 2015. Sist oppdatert 27.8.2015
Som det går fram av tabellen over, gjekk bruken av dei digitale ordbøkene markant opp i perioden 2010–2014. Språkrådet har med søkjestatistikk for Bokmålsordboka og Nynorskordboka i rapporten Språkstatus 2017 s. 80 og i somme av årsrapportane sine frå 2008 til 2016. Tabellen under er basert på desse, og der kan ein kan sjå utviklinga år for år. Har vi hatt tilgang til dei presise tala, er dei brukte, andre er avrunda.
Tal på søk i nettutgåvene av Nynorskordboka og Bokmålsordboka i utvalde enkeltår 2008–2015
| Bokmålsordboka på nett | Nynorskordboka på nett | I alt |
2008 | 14 800 000 | 10 700 000 | 25 500 000 |
2010 | 17 234 588 | 12 554 865 | 29 789 453 |
2011 | 21 100 000 | 14 400 000 | 35 500 000 |
2012 | 44 000 000 | 30 300 000 | 74 300 000 |
2013 | 58 700 000 | 29 800 000 | 88 500 000 |
2014 | 49 000 000 | 34 000 000 | 83 000 000 |
2015 | 50 000 000 | 38 800 000 | 88 800 000 |
Kjelde: Språkrådet og Eining for digital dokumentasjon ved UiO
I årsrapporten til Språkrådet for 2016 s. 29 står det at tala på oppslag i Bokmålsordboka og Nynorskordboka for 2015 ikkje er samanliknbare med tidlegare år, fordi dei frå og med dette året fjerna såkalla robotsøk frå bruksmålingane.
Ved Universitetet i Oslo skilde dei mellom to kategoriar: søk i Bokmålsordboka og søk i Nynorskordboka. Det vil seie at eit fellessøk i begge ordbøkene blei logga som eitt søk i Bokmålsordboka og eitt søk i Nynorskordboka. I nettordbøkene finst det ein funksjon kalla autocomplete, som gjer at brukaren får opp forslag til oppslagsord når hen skriv inn (delar av) eit ord. Resultatlista frå den automatiske ordfullføringa blei lagt til som éi linje i søkjeloggen for kvar ordbok. Argumentet for å gjere det slik, er at brukarane somme gonger er tilfredse med å sjå at ordet finst i ordbøkene. Vidare blei søk i bøyingsopplysingane rekna som eigne søk.
Alt dette kan sjølvsagt kallast reelle søk i ordbøkene. Likevel har vi ved Universitetet i Bergen valt å rekne annleis. Sidan teljemåtane som er brukte, er så ulike, er ikkje søkjetala frå dei to universiteta direkte samanliknbare, og det lèt seg difor ikkje gjere å leggje inn tal frå før og etter 2016 i same tabell. Samla søkjetal for 2016 manglar, for ordbøkene blei overførte frå Universitetet i Oslo til Universitetet i Bergen på sommaren det året. IT-avdelinga ved UiB gjorde likevel ein test på å telje både med UiB-metode og UiO-metode i siste kvartal i 2016:
Ulike utrekningsmåtar for søkjestatistikk i siste kvartal 2016
| oktober 2016 | november 2016 | desember 2016 | I alt |
Oppslag (UiB-teljemetode) | 3 279 931 | 4 629 661 | 3 255 309 | 11 164 901 |
Oppslag i paradigme | 721 749 | 1 132 530 | 702 041 | 2 556 320 |
Oppslag (UiO-teljemetode [inkl. autocomplete]) | 6 836 673 | 9 444 179 | 7 129 085 | 23 409 937 |
Kjelde: IT-avdelinga ved Universitetet i Bergen
Legg ein saman søkjetala rekna med UiB-metode for dei tre månadane, utgjer det 11 164 901 søk, medan samla tal med UiO-metode er 23 409 937 søk. Gangar ein UiO-summen med fire kvartal (sjølv om bruken ikkje er statisk gjennom året), er vi oppe i eit overslag på 93,6 millionar søk med UiO-metode for 2016, og det stemmer godt med utviklinga i tabellen Tal på søk i nettutgåvene av Nynorskordboka og Bokmålsordboka i utvalde enkeltår 2008–2015 over. Det er verdt å merke seg at søkjetala basert på UiB-metoden berre utgjer 48 % av søkjetala ein får i siste kvartal i 2016 med UiO-metoden.
Bruksstatistikk f.o.m. 2016 (då ordbøkene kom til UiB)
IT-avdelinga ved Universitetet i Bergen har valt ein framgangsmåte for teljing som vi meiner gjev oss og omverda presis informasjon om korleis ordbokbrukarane slår opp i og nyttar ordbøkene – vel vitande om at det ved første augekast kan sjå ut til at bruken av Bokmålsordboka og Nynorskordboka har falle dramatisk etter overføringa til Bergen.
Dette er dei viktigaste metodiske endringane:
Vi skil mellom a) søk i Bokmålsordboka, b) søk i Nynorskordboka og c) fellessøk i begge. Fellessøka tel altså ikkje lenger som to søk.
UiB nyttar brukaragent (namnet på nettlesaren) for å ekskludere søk utført av robotar, som webcrawlarar frå Google, Bing med fleire. Robotsøka kan utgjere ein stor del av trafikken på ei nettside om filtera ikkje er effektive nok, og lista over robotar som no blir ignorerte, er langt meir utfyllande enn lista som blei brukt tidlegare.
Resultatlistene som kjem opp ved såkalla autocomplete, tel ikkje lenger som eigne søk. Frå brukarperspektiv meiner vi at resultatlista ikkje er å rekne som eit oppslag.
Bøyingsopplysningane i Bokmålsordboka og Nynorskordboka er henta frå Norsk ordbank for bokmål og Norsk ordbank for nynorsk, og dei blir genererte ved eit ekstra klikk i ordbøkene. Søk i bøyingsopplysingane tel ikkje lenger som eigne søk i ordbøkene, men blir skilde ut i ein eigen statistikk.
Med denne teljemåten hadde ordbøkene i 2019 til saman nærare 54 millionar søk på tvers av plattformer, det er i snitt nærare 150 000 søk per døgn.
Tal på søk på nettsida ordbok.uib.no og i appen Ordbøkene
| Bokmålsordboka på nett | Nynorskordboka på nett | Fellessøk på nett | Appen | I alt |
2017 | 4 750 263 | 6 549 480 | 23 132 540 | 2 000 000 | 36 432 283 |
2018 | 4 356 708 | 6 680 883 | 22 952 837 | 11 390 402 | 45 420 246 |
2019 | 4 246 280 | 6 681 626 | 22 600 759 | 20 222 062 | 53 750 727 |
2020 | 4 986 187 | 6 783 243 | 25 958 732 | 20 000 000 | 57 728 162 |
Kjelde: IT-avdelinga ved UiB og app-utviklaren Giant Leap
Appen Ordbøkene blei lansert i september 2017, og eit estimat er at det var rundt 2 millionar søk dei første månadane. Giant Leap har grunna ein feil i overgangen til nytt analyseverktøy ikkje tal på kor mange søk som blei utført i appen Ordbøkene, og for å vere på den sikre sida har vi anslått at bruken var om lag som i 2019. Basert på auken i 2018 og 2019 trur vi det reelle talet på søk i appen er monaleg høgare.
I tillegg kjem søka i bøyingsinformasjonen, som fordeler seg slik i nettordbøkene:
Tal på søk i bøyingsopplysingane i ordbøkene på nettsida ordbok.uib.no
| Bokmål | Nynorsk | I alt |
2017 | 3 496 705 | 5 779 675 | 9 276 380 |
2018 | 2 508 582 | 5 864 255 | 8 376 870 |
2019 | 2 466 241 | 6 157 173 | 8 623 414 |
Kjelde: IT-avdelinga ved UiB
For dei som har litt kjennskap til den norske språksituasjonen, er det kanskje ikkje overraskande at det er såpass mange fleire som søkjer informasjon om bøyingsmønstera i nynorsk enn bokmål. Samanhalde med den rekordstore bruken av ordbøkene når det er eksamenstid (sjå meir detaljert statistikk her: https://ordbok.uib.no/perl/ordbokstatistikk.cgi), kan det nok seie oss noko om at mange elevar og studentar nyttar ordbøkene og bøyingsopplysingane ekstra flittig når dei skal skrive på sidemålet sitt, som for dei fleste er nynorsk. Her finn du bruksstatistikk for maidagane 2019 då det blei gjennomført norskeksamen i grunnskulen og vidaregåande skule: https://ordbok.uib.no/stats/h/eksamen_2019/
Samanlikna med statistikken frå Universitetet i Oslo er det likevel påfallande at Nynorskordboka dei to siste åra har vore såpass mykje meir brukt enn Bokmålsordboka blant dei som vel å søkje i berre éi av standardordbøkene på nett. Ein kan ikkje sjå vekk frå at lanseringa av det store dokumentariske ordbokverket for bokmål og riksmål, Det Norske Akademis ordbok på naob.no i januar 2018 kan spele inn i den samanhengen. Eit anna moment er at om ein brukar ein liten skjerm til å søkje i nettordbøkene, sirka 1/3 av trafikken på nettsida ordbok.uib.no er framleis frå handhaldne einingar (mobiltelefonar og nettbrett), blir dei to målformene lagt under kvarandre. Dei blir viste i alfabetisk rekkefølgje, slik at Bokmålsordboka kjem over Nynorskordboka. Dette kan medføre at brukarar som søkjer informasjon i Nynorskordboka på mobiltelefon og nettbrett, får eit ekstra insitament for å berre søkje på nynorsk, slik at dei slepp å skrolle ned for å sjå innhaldet.
Internasjonale undersøkingar fortel ei tydeleg historie om at mange språkbrukarar i dag heller søkjer på ord i ulike nettlesarar enn å gå inn på ordboksider. Sett i det lyset er det ekstra gledeleg at brukstala for standardordbøkene totalt sett stig.