Anvend og utrekningsorientert matematikk, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar15
- KarakterkravMinimum C
- SpråkEngelsk, Norsk
- Studiepoeng120
- StartHaust og Vår
Hovedinnhold
Gjennom ein modelleringsprosess blir dei relevante problema skildra matematisk i ei eller fleire likningar. Likningane blir løyste ved hjelp av numeriske verktøy, og resultata kan ein bruke til å forstå dei opprinnelege problema betre.
Ein viktig del av fagfeltet er dessutan grunnleggande metodeutvikling innan anvend og utrekningsorientert matematikk, der ein granskar korleis forskjellige klasser av matematiske problem kan representerast og løysast ved å bruke datamaskiner.
Masterprogrammet utdannar kandidatar som er svært etterspurde innan industri, forsking, undervising og administrasjon.
Du kan skrive masteroppgåva i Anvend og utrekningsorientert matematikk innan ei av dei følgande spesialiseringane:
- anvend analyse
- bildebehandling
- fluidmekanikk og havmodellering
- inverse problem
- mekanikk og dynamiske system
- miljømatematikk
- numerisk matematikk
- reknevitskap
- reservoarmatematikk
Studiekvardag
Matematisk institutt finn du i Realfagbygget på universitetsområdet i sentrum av Bergen. Miljøet er hyggeleg og uformelt, med studentar og tilsette frå heile verda.
Gjennom det toårige programmet følger du emne og skriv ei masteroppgåve. Nokre av emna i spesialiseringane er obligatoriske, men dei andre emna vel du i samråd med din faglege rettleiar.
Emna har vanlegvis førelesingar og grupper som basis, om lag 16 timar per veke. Du finn meir informasjon om emne, timeplanar og litteratur på spesialiseringssidene.
Du kan velje mellom ei masteroppgåve på 30 studiepoeng eller ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.
Masteroppgåva di skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid der du brukar eigna metodar og vitskaplege framgangsmåtar i forskingsprosessen.
Du samarbeider tett med ein fagleg rettleiar som har kompetanse på temaet du vel til masteroppgåva di. I samråd med rettleiaren vel du eit tema og set opp ein framdriftsplan som inneheld viktige milepælar i prosjektet ditt.
Kva kan eg bli
Masterprogrammet utdannar kandidatar som er svært etterspurde innan industri, forsking, undervising og administrasjon.
Med ei mastergrad er studenten kvalifisert for vidare forsking, som å ta ei doktorgrad (ph.d.).
Kva lærer eg?
Med ei utdanning i anvend og utrekningsorientert matematikk skal du vere i stand til å løyse praktiske problem frå forskjellige praktiske område ved å bruke matematisk modellering, analyse og numerisk utrekning.
I masterprogrammet lærer du den grunnleggande teorien slik at du kan forstå relevant forskingslitteratur innan fagfeltet og nytte nye metodar og resultat i praktisk arbeid.
Oppbygging
Masterprogrammet i anvend og utrekningsorientert matematikk omfattar to studieår (fire semester) og startar haust eller vår. Dei fleste studentane følger emne på til saman 60 studiepoeng og skriv ei masteroppgåve som utgjer 60 studiepoeng. Alternativt kan du følge emne på 90 studiepoeng og skrive ei masteroppgåve som utgjer 30 studiepoeng.
Det er to obligatoriske emne , begge i vårsemesteret: MAT252 Kontinuumsmekanikk (10 SP) og MAT260 Reknealgoritmar 2 (10 SP).
Dei resterande emna er sette opp under kvar spesialisering:
Anvend analyse: Omfattar utvikling av analytiske og konstruktive metodar for løysing av differensial- og integrallikningar frå fleire bruksområde. Tilrådde forkunnskapar: MAT211, MAT213, MAT230. Sentrale emne: MAT211, MAT234.
Bildebehandling: Omfattar utvikling og analyse av numeriske metodar for behandling av bilde frå medisinsk forsking, datateknologi og andre store simuleringsoppgåver. Tilrådde forkunnskapar: STAT110, MAT213, MAT261. Sentrale emne: MAT234, MAT262, INF270.
Fluidmekanikk og havmodellering: Omfattar analytiske og numeriske studiar av bølgjer og strøymingar på ein industriell og geofysisk skala. Bakgrunn i fysisk oseanografi er nyttig for dei som vil studere havstraumar. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230, MAT252. Sentrale emne: MAT234, MAT253.
Inverse problem: Omfattar utrekningar av storleikar basert på indirekte målingar, for eksempel dynamisk reservoarkarakterisering og overvaking. Tilrådde forkunnskapar: STAT110, MAT230. Sentrale emne: MAT234, MAT254, MAT265.
Mekanikk og dynamiske system: Omfattar modellering av fysiske og biologiske system, med vekt på vekselverknader mellom prosessar på det mikroskopiske og det makroskopiske nivået. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230. Sentrale emne: MAT251.
Miljømatematikk: Omfattar problem som er knytte til inngrep i og forvalting av miljøet. Modellering av differensiallikningar er sentrale emne. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230, MAT260. Sentrale emne: MAT234, MAT254.
Numerisk matematikk: Omfattar utvikling og drøfting av numeriske metodar som blir brukte i utrekningsoppgåver. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230, MAT260. Sentrale emne: MAT236, MAT261, MAT360.
Reknevitskap: Brukar utrekningar/databehandling for å få innsikt i komplekse fenomen, som ikkje er enkle å finne ut av berre gjennom teoretiske vurderingar og laboratorieforsøk. Modellering, simulering og visualisering blir også brukt i prosessen. Tilrådde forkunnskapar: MAT230, MAT260. Sentrale emne: MAT261, MAT360.
Reservoarmatematikk: Omfattar analytiske og numeriske studiar av strøymingar i oljereservoar. Dette er utfordringar ein støyter på ved utvinning av olje og gass. Tilrådde forkunnskapar: MAT213, MAT230, MAT260. Sentrale emne: MAT234, MAT254.
Fullstendig emneliste matematikk.
Fullstendig emneliste ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi.
Utveksling
Du kan planlegge studieperiodar i utlandet i samråd med din rettleiar.
Opptakskrav
Masterprogrammet i Anvendt og beregningsorientert matematikk bygger på en bachelorgrad med minst 60 studiepoeng faglig fordypning i matematikk og minst et emne i programmering. Forkunnskaper må dekke kalkulus, lineær algebra, differensiallikninger, funksjoner av flere variable, programmering og numerikk/analyse/mekanikk/statistikk tilsvarende emnene MAT111, MAT112, MAT121, MAT131, MAT212, INF100 + et av MAT160, MAT213, MAT230, MAT251, MAT252 eller STAT110.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i anvendt matematikk
- Bachelorgrad i matematikk for industri og teknologi
- Bachelorgrad i matematikk, hvis INF100, MAT131 + eit av MAT160, MAT213, MAT230, MAT251, MAT252 eller STAT110 er med i graden
- Bachelorgrad i matematiske fag
- Bachelorgrad i statistikk, hvis MAT212 er med i graden
- Bachelorgrad i informatikk, matematikk og økonomi, hvis MAT131 og MAT212 er med i graden.
Beregning av karaktersnitt
Kun emnene i opptakskravet regnes med i karaktersnittet: MAT111, MAT112, MAT121, MAT131, MAT212, INF100 + ett av MAT160, MAT213, MAT230, MAT251, MAT252 eller STAT110 (det med best karakter hvis du har tatt flere av emnene etter plusstegnet).
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
- Normalt kreves en bachelor i matematiske fag.
- Andre bachelorgrader kan kvalifisere dersom du har minst 60 studiepoeng i matematikk og minst et emne i programmering. Det er viktig at den matematiske bakgrunnen inneholder kalkulus, lineær algebra, differensiallikningar, funksjoner av flere variable, programmering og numerikk/analyse/mekanikk/statistikk.
Du må også ha:
- en snittkarakter på minimum C i emnene som du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, enten på grunnlag av norsk videregående skole eller på annen måte.
- Språkkrav for tospråklege program
Korleis søke
På opptakssidene finn du meir informasjon om korleis du går fram for å søke opptak til studiet.
Programmet har hovudopptak på hausten og suppleringsopptak på våren, dersom ikkje alle plassar blir fylte på hausten.
Søknadsfristen er 15. april for opptak til hausten og 1. november for opptak til våren.