Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Elevperspektiv på utdanningsval

Ann Karin Sandal disputerer torsdag 27. november 2014 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Ungdom og utdanningsval. Om elevar sine opplevingar av val og overgangsprosessar".

Hovedinnhold

Elevar som står ved terskelen til vidaregåande opplæring skal gjere val som er svært viktige for framtida deira og for samfunnet. Samstundes er det mange elevar som ikkje lukkast i vidaregåande skule, eller som ikkje fullfører utdanninga på normert tid. Avhandlinga sitt føremål har vore å finne fram til faktorar som kan ha innverknad på elevar sine valprosessar i overgangen mellom ungdomsskulen og yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande skulen, og mellom det første og andre året på yrkesfaglege utdanningsprogram. Dette er undersøkt gjennom tre delstudiar der alle har fokusert på elevar sitt perspektiv på val- og overgangsprosessar, og kva som er grunnlag for vala dei gjer inn mot yrkesfaglege utdanningsprogram.

Avhandlinga viser at grunnlaget for utvikling av yrkesfaglege interesser i ungdomsskulen oftast vert utvikla gjennom sjølvbestemte fritidsaktivitetar, gjennom praktiske og estetiske arbeidsmåtar i skulefag og gjennom hospitering på yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande skule og på arbeidsplassar. Møte med arbeidsliv og mogelegheiter til å prøve ut yrkesfaglege interesser er viktig for ei begynnande identifisering med yrkesfagleg utdanning og yrke. Desse momenta, saman med meistringserfaringar i skulen, er like viktige når elevane har begynt på ei yrkesfagleg utdanning og skal velje yrkesfagleg fordjuping. Arbeidet viser behov for å vidareutvikle samarbeidet mellom ungdomsskule og vidaregåande opplæring, og mellom skule og arbeidsliv. Det er òg behov for ei utvida drøfting av lærings- og kunnskapstradisjonar i dei ulike læringskontekstane som elevane bevegar seg mellom, og det kan bidra til å støtte elevane i deira læring- og utviklingsprosessar. Mange elevar erfarer overgangsfasar i skulen som brot mellom ulike lærings- og arbeidsmåtar, og det bør i større grad bli lagt til rette for at elevane kan utforske sine interesser, motivasjon og identitet mot ei yrkesfagleg utdanning i heile skuleløpet.

Personalia:

Ann Karin Sandal (født 1966) er oppvaksen på Stamnes i Hordaland og er utdanna cand.polit. med hovudfag i pedagogikk frå NLA. Doktorgradsprosjektet er finansiert av NFR og HiSF, og ph.d.-utdanninga er gjennomført ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Sandal har arbeida ved HiSF som høgskulelektor i pedagogikk i lærarutdanninga sidan 1999, med særskild fokus på grunn-  og vidareutdanning for lærarar i vidaregåande skule. Professor Kari Smith har vore rettleiar.