Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Kart og GIS som premiss i arealforvaltninga

Kjersti Straume disputerer fredag 19.02.2016 for ph.d. –graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Interpretation-based land cover mapping; possibilities and challenges for rural land management»

Hovedinnhold

Arealtypekart vert ofte sett som ein fakta-premiss i ulike vedtaksprosessar knytt til arealforvalting, og kartet er styrande for kva forvaltningsregime som skal gjelde. Dersom eit areal til dømes vert kategorisert som dyrka eller dyrkbar mark utløyser dette eit relativt sterkt vern etter Jordlova §9.

Eit auka fokus på allmenn deltaking og legitimitet i vedtaksprosessar knytt til arealforvaltning gjer det relevant å sjå nærmare på korleis arealkategoriar  i arealtypekart vert til. Straume har sett nærmar på det norske arealtypekartet (AR5) og har studert korleis sosiale og individuelle faktorar påverkar kartleggingsresultatet. Både lokale og nasjonale aktørar er involvert i produksjon, oppdatering og vedlikehald av kartet. Sjølv om ein har klare retningslinjer for kartlegging og klare arealdefinisjonar for kategoritypar så er ein i nokon grad likevel avhengig av skjønn når areal skal klassifiserast.  Straume viser at dette skjønnet vert påverka av individuelle og sosiale faktorar hos den som kartlegger. Kartleggarar som representerer ulike forvaltningsnivå (lokalt og nasjonalt) har tendensar til å tolke areal ulikt. Ein kan difor stille spørsmål ved kartet sin moglegheit til å vere konsistent og direkte samanliknbart i tid og rom, og dermed også dei moglegheiter kartet gjev til å overvake endringar i jordbruksareal.

Resultata understrekar behovet for å skape medvit rundt dei ulike interessene som er til stades i kart-produksjonsprosessen, dei multiple bruksområda til kartet og viktigheita av kven som har «makt» til å definere arealtypar. Resultata frå avhandlinga kan ha implikasjonar for korleis arealresurskart vert produsert, forstått og brukt i arealforvaltninga. Straume argumenterer for at større allmenn medverknad i utforming av kategoridefinisjonar og retningslinjer for kartlegging er nødvendig for å legge grunnlag for auka medverknad i avgjerdsprosessar knytt til arealplanlegging og arealforvalting.

Personalia:

Kjersti Straume har hovudfag i Miljøgeografi frå UIB (2003), og har arbeidd i kommuneadministrasjon og hos fylkesmannsembetet med kart, GIS (geografiske informasjonssystem) og landbrukssaker. Sidan 2014 har ho vore tilsett som forskar hos Møreforsking i Volda.