Kulturvitskap, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar22
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
Som bachelorstudent lærer du om mennesket som kulturskapar og kulturberar, og om korleis ein kan forstå eit kulturelt fenomen. I faget jobbar du med både historisk forskingsmateriale og materiale frå samtida, blant anna tekst, bilde og film.
Med ein bachelorgrad i kulturvitskap lærer du:
- å analysere og tolke kulturelle fenomen
- å arbeide med store mengder tekst og kjelder
- å skrive analytiske og vitskaplege tekstar
- korleis du tileignar deg kunnskap om både smale og breie tema
- å sjå på kvardagslege fenomen med eit overordna kulturvitskapleg blikk
Aktuelle tema du kan fordjupe deg i, er blant anna:
- kjønnsidentitet, kjærleik, kropp, maskulinitet og feminitet
- forteljingar om klima, katastrofar, kriser og konspirasjonar
- digitale kulturelle uttrykksformer
- materialitet, gjenstandar og kulturarv
- museum og utstillingar
- metodar og teoriar i faget
Studiekvardag
Bachelorprogrammet i kulturvitskap er eit studium på fulltid. I tillegg til sjølvstudium aleine eller saman med andre studentar, vil ei vanleg veke innehalde forelesingar og seminargrupper. Kor mange timar undervisning du har, varierer litt frå semester til semester. Utanom sjølvstudium vil du bruke omtrent 6-8 timar i veka på ulike undervisningsaktivitetar.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Meir om studiekvardagen ved HF
Kva kan du jobbe som?
Med ein bachelorgrad i kulturvitskap kvalifiserer du til jobbar i heile kulturfeltet og i offentleg administrasjon.
Som kulturvitar vil du vere spesielt kvalifisert til arbeid i:
- kultursektoren (for eksempel på museum)
- kulturkontor
- fylkeskommunen
- kulturformidling
- utstillingar i museum
- arkivering
- administrasjon i offentlege og private kulturinstitusjonar
Opptakskrav og søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
Vi anbefaler denne rekkefølga for studiet:
1. semester
- Ex.phil. Vel enten seminarmodell eller skolemodell (10 studiepoeng)
- Innføringsemne. Vel enten akademisk skriving eller språkkunnskap (10 studiepoeng)
- Innføring i kulturvitskap (10 studiepoeng)
2. semester
- Mennesket i kulturen og kulturen i mennesket. Kulturvitskaplege syn på verda (15 studiepoeng)
- Valemne i kulturvitskap(15 studiepoeng). Vel enten kjønn, seksualitet, kultur eller museologi eller kulturhistorisk fordjuping.
3. semester
- Forteljing og fortolking frå folkeeventyr til falske nyheiter (15 studiepoeng)
- Tinga og vi. Materialitet og meining (15 studiepoeng)
4. semester
- Bacheloroppgåve i kulturvitskap (15 studiepoeng)
- Valemne i kulturvitskap (15 studiepoeng). Vel enten kjønn, seksualitet, kultur eller museologi eller kulturhistorisk fordjuping.
5. semester
-
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
6. semester
-
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
Du kan òg velje ei anna rekkefølge på emna. Studierettleiaren for programmet kan hjelpe deg med å sette opp ein plan.
Utveksling
Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. UiB har utvekslingsavtalar over heile verda. For deg som tar kulturvitskap kan det for eksempel vere interessant å reise til våre samarbeidsuniversitet i Danmark, Tyskland eller Sverige.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Ein bachelorgrad i kulturvitskapgir moglegheiter for å søke opptak på masterprogram i kulturvitskap. Etter oppnådd mastergradkan du ta etter- og vidareutdanning, blant anna om museum, og om korleis skrive ein vitskapeleg artikkel. Etter ein mastergrad kan du også søke på doktorgradsstipend.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar@ahkr.uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.