Russisk, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar16
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
Nokre av spørsmåla vi diskuterer på bachelorprogrammet i russisk, er:
- Kva er vilkåra for kulturen og sivilsamfunnet i Russland i dag?
- Kva historisk rolle har Russland hatt som imperium og kolonimakt?
- Kva er samanhengane mellom utviklinga i samfunnet og utviklinga i språket, litteraturen og kulturen?
Du lærer å forstå, snakke og skrive russisk, og å omsette mellom norsk og russisk. Du får bruke digitale hjelpemiddel, og kan dermed bruke kyrillisk både som handskrift og på tastatur.
Du fordjupar deg i landet sin kultur, samfunn og historie. I tillegg utformar du sjølvstendige tekstar på russisk og utviklar evnene dine til kritisk refleksjon og strukturert formulering av det skriftlege arbeidet.
Studiekvardag
Dette bachelorprogrammet er eit fulltidsstudium. Ei typisk veke kan innehalde:
- førelesingar
- seminargrupper
- studentaktive undervisningsformer
- sjølvstudium - i grupper eller individuelt, litt etter korleis du likar å jobbe
På dette studiet får du tett oppfølging og mykje undervisning dei første semestera. Du vert del av eit relativt lite - men hyggeleg – miljø, og kjem i god kontakt med andre studentar på faget. Studentane har tilgang til lesesalar på Sydneshaugen skole og dei kan booke eigne rom om dei ønsker å jobbe i grupper.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Kva kan du jobbe som?
I tillegg til kunnskap i russisk språk får du innsikt i landet og kulturen, og moglegheit til å utvikle evnene dine til å formulere deg kritisk, analytisk og strukturert – både skriftleg og munnleg.
Fordi du har innsikt i det russiske samfunnet og kompetanse i språk, kultur og sjølvstendig refleksjon, er du attraktiv for ei rekke arbeidsgjevarar.
Nokre aktuelle arbeidsplassar kan vere:
- forlagsbransjen, til dømes som omsettar eller anmeldar
- diplomatiet, til dømes på aspirantkurset til Utanriksdepartementet
- departementa, til dømes som tolk, konsulent eller rådgjevar
- forsvaret
- media, til dømes som journalist eller korrespondent
- menneskerettsorganisasjonar
- russisklærari skulen
- næringslivet
- internasjonale relasjonar
Opptakskrav og søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
Bachelorprogrammet i russisk er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester
- Grunnkurs i skriftleg og munnleg russisk (10 studiepoeng) dersom du ikkje kan dokumentere forkunnskap i russisk
- Examen philosophicum, vel enten seminarmodell eller skulemodell (10 studiepoeng)
- Språkkunnskap eller Akademisk skriving (Språkkunnskap er anbefalt) (10 studiepoeng)
2. semester
- Russisk språk I (20 studiepoeng)
- Russisk historie og kultur (10 studiepoeng)
- Sommarkurs i russisk språk i utlandet er anbefalt
3. semester
- Russisk språk II (10 studiepoeng)
- Russisk litteratur I (10 studiepoeng)
- Russisk språk og kultur (utanlandsstudium) (10 studiepoeng) eller Samanliknande europeiske kulturstudium (10 studiepoeng)
4. semester
- Russisk språk og språkvitskap (15 studiepoeng)
- Russisk litteratur II (15 studiepoeng, bacheloroppgåve)
5. semester
-
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
6. semester
-
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
Utveksling
Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i utlandet i femte og/eller sjette semester. I tillegg er det lagt opp til eit utanlandsopphald i eit russiskspråkleg land for studentane som vel emnet Russisk språk og kultur i tredje semester av studiet.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Etter fullført bachelorprogram kan du ta ein mastergrad i russisk ved UiB for å fordjupe deg meir i russisk språk, kultur,litteratur eller samfunn.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar@if.uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.