Informatikk: Bioinformatikk, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- Ordinær57,8
- Primær48,6
- Plassar10
- OpptakskravMATRS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
I løpet av utdanninga
- får du kjennskap til grunnleggande molekylærbiologi og biologiske spørsmål
- lærer du å bruke statistiske metodar og algoritmar for å analysere biologiske data
- får du kjennskap til sentrale metodar innan maskinlæring
Meir informasjon under
What is the Computational Biology Unit?
Studiekvardag
Bachelorstudiet i bioinformatikk er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb.
I løpet av ei vanleg veke vil du ha seks forelesingar og tre seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar for informatikkstudentar. Her kan du studere aleine eller saman med medstudentar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket.
Studentane på Institutt for informatikk har ei eiga linjeforeining som blant anna organiserer faglege og sosiale arrangement.
Kva kan du jobbe som?
Som nyutdanna bioinformatikar er du attraktiv for arbeidsgjevarar som krev gode programmeringskunnskapar og evne til sjølvstendig problemløysing. Ein typisk jobb er analytikar eller IT-konsulent i helsesektoren.
Du kan jobbe
- ved forskingsinstitutt eller universitet
- innanfor legemiddelindustrien eller medisinteknikk
- i helsesektoren
- i IT-bransjen
Opptakskrav og søknadsfrist
Generell studiekompetanse og MATRS:
Matematikk R1 eller Matematikk S1 og S2.
Søknadsfristen er 15. april. Søk her
Studiets oppbygging
Bachelorprogrammet i informatikk: bioinformatikk er eit treårig fulltidsstudium som startar i august.
Du finn detaljert vekeplan og litteraturliste på emnesidene.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester
- Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng) eller Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng)
- Innføring i molekylærbiologi (10 studiepoeng)
- Innføring i programmering (10 studiepoeng)
2. semester
- Diskrete strukturar (10 studiepoeng)
- Grunnleggande bioinformatikk (10 studiepoeng)
- Objektorientert programmering (10 studiepoeng)
3. semester
- Analyse av biologiske sekvensar og strukturar (10 studiepoeng)
- Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng)
- Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng)
4. semester
- Lineær algebra (10 studiepoeng)
- Examen philosophicum - enten seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)
- Molekylær cellebiologi (10 studiepoeng)
5. semester
- Innføring i data science (10 studiepoeng)
- Innføring i maskinlæring (10 studiepoeng)
- Innføring i omics (10 studiepoeng)
6. semester
Utveksling
Benytt sjansen til å studere eit år eller halvår ved eit anna universitet i utlandet. Vi anbefaler at du reiser på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til samarbeidsuniversiteta våre i Austerrike, Spania, Tyskland eller ein annan plass.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Etter bachelorprogrammet kan du gå vidare til eit toårig masterprogram i informatikk (der bioinformatikk er ei av sju studieretningar) eller til masterprogram i programvareutvikling ved Institutt for informatikk. Andre institutt og studiestader kan også ha relevante masterutdanningar – både i Noreg og i utlandet. Sjekk studiestadene sine eigne nettsider for å finne deira opptakskrav.
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.