Hjem

Samfunnsøkonomi, bachelor, 3 år

Samfunnsøkonomi handlar om korleis individ, bedrifter, styresmakter og nasjonar tar og bør ta avgjersler om bruk og fordeling av samfunnets ressursar. Faget gir deg metodar til å forstå og analysere komplekse samfunnsutfordringar.
  • Lengde3 År
  • Ordinær51,8
  • Primær49
  • Plassar101
  • OpptakskravMATTE4
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Med ein bachelorgrad i samfunnsøkonomi får du 

  • kunnskap om dei grunnleggande metodane for samfunnsøkonomiske analysar 
  • kompetanse i mikroøkonomi, makroøkonomi og økonometri 
  • kjennskap til struktur og organisering av norsk og internasjonal økonomi 
  • bruke teori og empiri til å analysere samfunnsøkonomiske problemstillingar 

Studiekvardag

Som bachelorstudent i samfunnsøkonomi blir du del av eit godt studentmiljø. Studiet har ei aktiv studentforeining som sikrar godt samhald mellom studentane, og som jobbar tett med instituttet for å sikre eit godt læringsmiljø. 

Bachelorprogrammet er eit studium på fulltid. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 10 timar med undervisning i form av forelesingar, seminargrupper og praktiske øvingar. I tillegg skal du skrive ei bacheloroppgåve om eit sjølvvalt tema. 

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene. 

Som student på samfunnsøkonomi vil du halde til på campus på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Lesesalplassar og PC-salar for studentar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet er tilgjengelege i Ulrike Pihls hus. Biblioteket ved SV-fakultetet har også leseplassar og PC-plassar. 

Meir informasjon under

Velg samfunnsøkonomi ved UiB

Produsent:
UiB

Kva kan du jobbe som? 

Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver, innan forsking og undervisning, som valutahandlarar eller innan formuesforvaltning i finansinstitusjonar. Mange går etter kvart inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvaltning. Ein del arbeider utanlands, særleg i internasjonale organisasjonar, i utviklingshjelp og i utanrikstenestene.

Innanfor privat næringsliv arbeider mange i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industri- og oljeselskapa og i konsulentfirma. Etter bachelorgraden kan du bygge på med ein mastergrad i samfunnsøkonomi, som vil gjere at du vil stå enda sterkare på arbeidsmarknaden. 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og MATTE4: Gjennomsnittskarakter 4 eller betre i matematikk (224 timer, 1P + 2P).

Du dekker karakterkravet i matematikk om du har bestått eit av følgande programfag: S1, S2, R1 eller R2.

Søknadsfristen er: 15. april. 

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Slik er studiet lagt opp: 

1. semester

2. semester

  • ECON110 Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori (10 studiepoeng)
  • ECON130 Makroøkonomi (10 studiepoeng)
  • ECON240 Statistikk og økonometri (10 studiepoeng)

3. semester

  • ECON210 Velferd og økonomisk politikk (10 studiepoeng)
  • ECON230 Makroøkonomi II (10 studiepoeng)
  • ECON244 Anvendt økonometri (10 studiepoeng)

4. semester

  • Utveksling/frie studiepoeng (30 studiepoeng)

5. semester

6. semester

Sjå oversikt over alle emne

Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng. Av desse er 100 studiepoeng spesialisering i samfunnsøkonomi, og 60 studiepoeng er såkalla frie studiepoeng. Her kan du velje emne ut frå interesse og relevans for vidare utdanning eller yrkesplanar. Du kan velje emne som alle med studierett på UiB kan ta, eller dra på utveksling i utlandet. Tema for bacheloroppgåva er valfritt. Slik kan du forme innhald og oppbygging av graden din. 

For dei som vil ha ei tydeleg fordjuping i løpet av studiet, har instituttet laga to anbefalte fagprofilar: «Velferd og politikk» og «Bedrift, strategi og marknad».  

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Vi anbefaler å reise ut i fjerde semester. Du kan reise til USA, Storbritannia, Frankrike, Spania, mfl. Reiser du på utveksling eit heilt år, kan du ta ex.phil. i første semester og valemne innan samfunnsøkonomi på utveksling. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter bachelorgraden kan du bygge på med ein mastergrad i samfunnsøkonomi ved UiB, som vil gjere at du vil stå sterkt på arbeidsmarknaden. Du kan også søke opptak på eit masterstudium i utlandet. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 92 00 

E-post: studieveileder.econ@uib.no

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Les heile studieplanen

Søk her