Informatikk-matematikk-økonomi, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- Ordinær53
- Primær50,3
- Plassar30
- OpptakskravREALFA
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
Etter bachelorprogrammet vil du kunne
- bruke metodar frå statistikk og informatikk på økonomiske problemstillingar
- delta i eller leie prosjekt med IT-system og utvikling
- forstå samfunnsøkonomiske problem gjennom dataanalyse
Bachelorstudiet i informatikk-matematikk-økonomi (IMØ) er det einaste i Noreg som tilbyr denne kombinasjonen av fag.
Studiekvardag
Som IMØ-student blir du del av eit miljø av dyktige og aktive informatikk-studentar på Høyteknologisenteret. Du vil også ha fag på Institutt for økonomi og Matematisk institutt.
I løpet av ei typisk veke vil du ha seks forelesingar og tre seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar for informatikkstudentar. Her kan du studere aleine eller saman med medstudentar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket.
Studentane på Institutt for informatikk har ei eiga linjeforeining som blant anna organiserer faglege og sosiale arrangement.
Kva kan du jobbe som?
Med bachelorgrad i IMØ er du kvalifisert for spennande og varierte jobbar. Samfunnet og næringslivet treng kompetanse innan økonomi og digitalisering.
Du kan jobbe i
- i FinTech (finansteknologi)
- i IT-bransjen
- i energi- eller oljeindustrien
- på forskingsinstitutt eller universitet
- med konsulentverksemd
- i offentleg forvalting
Opptakskrav og søknadsfrist
Generell studiekompetanse og REALFA:
Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og i tillegg anten
- Matematikk R2 eller
- Fysikk 1 og 2 eller
- Kjemi 1 og 2 eller
- Biologi 1 og 2 eller
- Informasjonsteknologi 1 og 2 eller
- Geofag 1 og 2 eller
- Teknologi og forskningslære 1 og 2
Søknadsfristen er 15. april. Søk her
Studiets oppbygging
Bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi er eit treårig fulltidsstudium som startar i august.
Du finn detaljert vekeplan og litteraturliste på emnesidene.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester
- Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng), Matematikk for naturvitskap (10 studiepoeng) (NB: dette emnet har avgrensa med plasser) eller Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng) (Dei som ønsker å ta ein mastergrad i statistikk må ta Grunnkurs i matematikk I)
- Innføring i programmering (10 studiepoeng)
- Miljø- og ressursøkonomi (10 studiepoeng)
2. semester
- Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori (10 studiepoeng)
- Diskrete strukturar (10 studiepoeng)
- Objektorientert programmering (10 studiepoeng)
3. semester
- Velferd og økonomisk politikk (10 studiepoeng)
- Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng)
- Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng)
4. semester
- Makroøkonomi (10 studiepoeng)
- Statistiske metodar (10 studiepoeng) eller Anvendt statistikk (10 studiepoeng)
- Lineær algebra (10 studiepoeng)
5. semester
- Introduksjon til datatryggleik (10 studiepoeng)
- Modellering og optimering (10 studiepoeng)
- Valemne (10 studiepoeng)
6. semester
- Examen philosophicum - enten seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)
- Valemne (10 studiepoeng)
- Valemne (10 studiepoeng)
Utveksling
Benytt sjansen til å studere eit år eller halvår ved eit anna universitet i utlandet. Vi anbefaler at du reiser på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Austerrike, Spania, Tyskland eller ein annan plass.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i
- • Informatikk eller programvareutvikling ved Institutt for informatikk
- • Statistikk og data science ved Matematisk institutt (sjekk eigne opptakskrav)
- • Samfunnsøkonomi ved Institutt for økonomi (sjekk eigne opptakskrav)
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.