Biologi (master)

Alt som skjer på jorda avheng av naturen og resurssane derfrå. Frå mat, medisinar, og mobiltelefonar til naturopplevingar. Biologisk kunnskap om molekyl, gen, individ, populasjonar og økosystem trengs for å studera dei moglegheitene naturen gjev. Berekraftig utvikling er heilt avhengig av biologane!

Kva lærer du?

Som masterstudent i biologi skal du vidareutvikle biologikunnskapane dine frå bachelorstudiet.  

I masternivåkursa våre dykkar du djupare i den delen av biologien du ønskjer å spesialisera deg i: terrestrisk økologi, marin biologi, fiskeribiologi og forvaltning, mikrobiologi, miljøtoksikologi, havbruk og utviklingsbiologi, eller fysiologi og ernæring. 

Dei fleste kurs på masternivå nyttar aktiv læring og læring i grupper, og du blir sjølv sentral for læringa di. Dette førebur deg til å fungere i arbeidslivet, både sjølvstendig, men også som medlem av eit team. I tillegg til val av tematiske kurs, vil val av tema for masteroppgåve vera avgjerande for kva du spesialiserer deg i mastergrada di.

Når du begynner å jobbe med masteroppgåva di, blir du ein del av ei forskargruppe på instituttet. Masteroppgåva kan skrivast hos ei av forskingsgruppene våre (les mer under studiets oppbygging). 

Studiekvardag

Undevisninga i masterprogrammet i biologi byggjer på aktiv deltaking og inneheld:

  • laboratoriearbeid, feltkurs og tokt
  • forelesingar og praktiske øvingar
  • interaktive diskusjonar og seminar  

Biologen ligg rett på kaikanten ved Puddefjorden med kort veg til bybane, Nygårdsparken og resten av campus. Vår geografiske plassering gir også høve til å bruke naturen som klasserom. 

Som masterstudent i biologi er du ein del av eit større nettverk av medstudentar på eige og andre program.  
Ved Institutt for biovitenskap er det omlag 650 studentar fordelt på våre studieprogram, så du vil heilt sikkert finne nokre likesinna. Du får tilgang på eigne master-lesesalplasser, og du kan rekne med å bruke rundt 40 timar i veka på studia.   

Masterstudentar og bachelorstudentar samarbeider i Biologisk fagutval (BFU), som organiserer sosiale aktivitetar og fungerer som eit bindeledd mellom studentar og instituttet.

Kva kan du jobbe som?

Med ein master i biologi er du kvalifisert til et bredt spekter av jobber. For eksempel i: 

  • miljøorganisasjonar (Bellona, Norges miljøvernforbund)
  • konsulentfirma (som Multiconsult, Rambøll, NINA, NIVA og NIBIO)
  • statlege departement og direktorat (Miljødirektoratet, Statsforvalterne og Statens naturoppsyn)
  • Forskning og utdanning

Du kan også spesialisere deg innan biologi og miljøspørsmål hos forskingsinstitutt og relevante næringslivsforetak, som den veksande havbruk- og sjømatnæringa. Eller innan bioteknologibransjen.

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Du må ha faglig bredde og praktisk erfaring i felt og på lab som dekker viktige tema i biologien.

Sjå korleis du reknar ut karaktersnittet ditt

Masterprogrammet i biologi byggjer på ein bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:

dei generelle opptakskrava for master på UiB
dei spesielle opptakskrava for dette studiet, som du finn i studieplanen

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk and engelsk

Norsk/Engelsk

Studiets oppbygging

Programmet dekker to akademiske år (fire semester) og startar om hausten.     

Det første året følger du emne på til saman 60 studiepoeng. Emne, timeplanar og studieplanar vil avhenge av kva spesialisering du vel. Du tar to obligatoriske emne innan forskingsmetode første semester: BIO300A - Akademisk skriving (5 studiepoeng) og BIO300B - Biostatistikk (5 studiepoeng). Det andre året jobbar du med masteroppgåva, også på 60 studiepoeng. Når eit heilt år er avsett til å arbeide med masteroppgåva, har du anledning til å fokusere berre på det sjølvstendige forskingsarbeidet ditt.  

1. Semester

BIO300A - Akademisk skriving (5 studiepoeng)

BIO300B - Biostatistikk (5 studiepoeng)

Valemne (10  studiepoeng)

Valemne (10  studiepoeng)

2. Semester

Valemne (10  studiepoeng)

Valemne (10  studiepoeng)

Valemne (10  studiepoeng)

3. Semester

Masteroppgave (30 studiepoeng)

4. semester

Masteroppgave (30 studiepoeng)

Du vel mastertema frå tilgjengelege masterprosjekt i biologi, eller du kan finne fram til eit tema som passar deg i samråd med rettleiaren din. 

Om masteroppgaven
Når du begynner å jobbe med masteroppgåva di, blir du ein del av ei forskargruppe på instituttet. Masteroppgåva kan skrivast hos ei av forskingsgruppene våre

Instituttet er del av ei levande marin klynge med fleire forskingssenter og næringsverksemder. Vi har og verdssleiande forskarar og forskingssenter som jobber på land og i innsjøar. Vi skapar eit miljø der du som student er ein naturleg del av forskingsgruppa, og arbeidsmiljøet er inkluderande og uformelt. Mange ulike nasjonalitetar arbeider saman, og engelsk er normalt arbeidsspråket.

Sjå oversikt over alle emne

Studieretningar
Utveksling

Det finst fleire alternativ for studentar som vil reise på eit utvekslingsopphald i utlandet. Du kan utføre laboratoriearbeid, delta på sommarskole ved Universitetssenteret på Svalbard eller ta del i ein annan utvekslingsaktivitet, i samråd med din rettleiar.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Studieprogrammet gir formelt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innan fagfeltet. 

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 30 30
E-post: studie@bio.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i biologi