Matematikk, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar6
- KarakterkravMinimum C
- SpråkEngelsk, Norsk
- Studiepoeng120
- StartHaust og Vår
Hovedinnhold
Kunnskap om matematikk er etterspurt i arbeidsmarknaden, til dømes innan telekommunikasjon og informatikk, oljerelatert verksemd, leiing og administrasjon, finans, forsikring og utdanning.
Med masterprogrammet i matematikk er du kvalifisert til forsking, utvikling og undervising, og stillingar i dei mange sektorane der matematikkunnskap er etterspurt. Du blir undervist av framifrå, internasjonalt høgt verdsette forskarar.
Kva kan eg bli
Masterprogrammet i matematikk kvalifiserer deg til forsking, utvikling og undervising.
Våre kandidatar arbeider også innan:
- telekommunikasjon og informatikk
- oljerelatert verksemd
- leiing, finans og forsikring
- utdanning
Med ei mastergrad er studenten kvalifisert for vidare forsking, som å ta ei doktorgrad (ph.d.).
Oppbygging
Masterprogrammet omfattar to studieår (fire semester), og startar haust eller vår.
Det første året følger du emne på til saman 60 studiepoeng. Emne, timeplanar og studieplanar kjem an på kva spesialisering du vel.
Vi tilbyr desse spesialiseringane
Det andre året skal du bruke til å arbeide med masteroppgåva, som utgjer 60 SP.
Alternativt kan du velje å skrive ei masteroppgåve som utgjer 30 studiepoeng, og følge emne på til saman 90 studiepoeng.
Studiekvardag
Matematisk institutt finn du i Realfagbygget på universitetsområdet i sentrum av Bergen. Miljøet er hyggeleg og uformelt, med studentar og tilsette frå heile verda.
Du får eigen, fast plass på lesesalen saman med dei andre masterstudentane.
Gjennom det toårige programmet følger du emne eller spesialemne og skriv ei masteroppgåve. Nokre av emna innanfor spesialiseringane er obligatoriske, andre emne vel du i samråd med din faglege rettleiar.
Emna har vanlegvis førelesingar og grupper som basis, om lag 14 timar per veke. Du finn meir informasjon om emne, timeplanar og litteratur på spesialiseringssidene.
Du kan velje mellom ei masteroppgåve på 30 studiepoeng eller ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.
Masteroppgåva di skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid der du brukar formålstenlege metodar og vitskaplege framgangsmåtar i forskingsprosessen. Med forskingsbasert litteratur som utgangspunkt får du oversikt over eit bestemt fagfelt, og finn nye synsvinklar og resultat innan det fagfeltet du har valt.
Du samarbeider tett med ein fagleg rettleiar som har kompetanse på temaet du vel til masteroppgåva di. I samråd med rettleiaren vel du eit masteroppgåvetema og set opp ein framdriftsplan som inneheld viktige milepælar i prosjektet ditt.
Kva lærer eg
Med ei mastergrad i matematikk har du:
- Inngåande kunnskap i matematikk. Du kan relatere generelle og abstrakte konsept og metodar til reelle utrekningar og applikasjonar.
- Omfattande erfaring i problemløysing, og kunnskap om strategiar som skal til for å kombinere ulike problemløysingsmetodar.
- Innsikt i dei viktigaste strukturane i fagdisiplinen, og du kan gjere greie for den grunnleggande teorien i desse strukturane.
Utveksling
Du kan velje å ta første eller andre semester som utvekslingsstudent ved eit av partneruniversiteta våre.
Opptakskrav
Alle bachelorgradar med følgjande minimum av matematiske forkunnskapar vil kvalifisere for opptak:MAT111 Grunnkurs i matematikk I, MAT112 Grunnkurs i matematikk II, MAT121 Lineær algebra, MAT211 Reell analyse,MAT212 Funksjonar av fleire variable, MAT220 Algebra, samt minst to av kursa MAT213 Komplekse funksjonar, MAT224 Kommutativ algebra, MAT242 Topologi eller MAT243 Mangfaldigheiter.
Avhengig av forkunnskapar vil studentane få opptak i ein eller fleire av de fire spesialiseringane. Endeleg val av masteroppgåve innanfor ein spesialisering vert gjord i samråd med rettleiar i fyste semester basert på kva masteroppgåver ein er kvalifisert for.
- Spesialisering 1) Matematisk analyse: ta MAT213, MAT232 eller MAT242 før opptak.
- Spesialisering 2) Topologi: ta MAT242 eller MAT243 før opptak.
- Spesialisering 3) Algebra: ta MAT224, MAT228 eller MAT243 før opptak.
- Spesialisering 4) Algebraisk geometri: ta MAT224 og minst eitt av MAT242 eller MAT243 før opptak. Vi anbefaler at både MAT242 og MAT243 vert fullførd før opptak.
Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.
Korleis søke
På opptakssidene finn du meir informasjon om korleis du går fram for å søke opptak til studiet.
Programmet har hovudopptak på hausten og suppleringsopptak på våren, dersom ikkje alle plassar blir fylte på hausten.
Søknadsfristen er 15. april for opptak til hausten og 1. november for opptak til våren.