Hjem

Barnevern, master, heltid og deltid

Barnevernet har eit særleg ansvar for å sikre barns rett til vern og omsorg. Masterprogrammet i barnevern ved Universitetet i Bergen er eit samlingsbasert program kor du lærer korleis sårbare familiar kan møtast med god fagleg kunnskap, openheit og dialog. Frå og med hausten 2024 vil det vere mogleg å søkje om å få tilpassa studieløpet slik at du kan ta det på deltid.
  • Lengde2 År
  • Plassar25
  • KarakterkravC
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du?

Barnevernfagleg kompetanse bygger på bidrag frå fleire fagdisiplinar, blant anna psykologi, juss, pedagogikk og sosiologi. Utdanninga skal utvikle dei faglege ferdigheitene dine og bygge ei bru mellom bachelor i barnevern og master i barnevern. 

Du vil lære å reflektere kritisk over eigen praksis, og vurdere samanhengar mellom samfunnsmandat, politiske diskursar, teori, forsking, gjeldande regelverk og relevant rettspraksis. Studiet vil gi deg dei verktøya du treng for å forstå og forvalte dei verkemidla barnevernet rår over, for at barn og unge som lever i utsette livssituasjonar får riktig hjelp til rett tid. 

Du lærer om korleis du kan bruke forsking og teori til å vurdere, planlegge og gjennomføre tiltak som er tilpassa kvar enkelt situasjon. Du får også innsikt i korleis du kan arbeide førebyggande, rettleiande, utgreiande og endringsorientert, og korleis du kan handtere saksbehandling og avgjerdsprosessar på ein kritisk og profesjonell måte.

 

Meir informasjon under

Master i Barnevern

Producer:
UiB

Studiekvardag 

Hovudarbeidsformene i studiet er forelesingar, seminar, problembasert læring, individuelle og gruppeoppgåver med og utan rettleiing, sjølvstudium og praksis. Desse arbeidsformene er brukt i ulike emne og kombinert på ulike måtar for å skape samanheng mellom undervisning, læringsutbytte og vurderingsformer. Det er nødvendig med stor grad av eigenaktivitet i løpet av studiet.  Den planlagde undervisninga utgjer berre ein del av studietida di i løpet av ei veke, resten av tida må du sjølv ta ansvar for lesing av pensum og førebuingar til undervisninga. Det kan vere nyttig å danne studiegrupper med medstudentar for diskusjon og samarbeid.   

Undervisninga er samlingsbasert og vil i hovudsak vere på norsk. Noko av undervisninga vil føregå på engelsk.  Litteraturen er på både norsk og engelsk.

Som student vil du i hovudsak halde til på Alrek helseklynge der vi har opne leseplassar, undervisningsrom, grupperom og kantine.  Du vil og ha ein del undervisning på resten av UIB sin campus i Bergen sentrum.

Kva kan du jobbe som? 

Vanlege arbeidsområde for barnevernspedagogar er kommunalt og statleg barnevern, i og utanfor institusjon. Med ein master i barnevern vil du ha kompetanse som også kan vere relevant for arbeid med barn og unge si psykiske helse, i kriminalomsorga og for arbeid i barnehage og skole. Ved å være del av eit forskingsbasert utdanningsmiljø vil du også kvalifisere til arbeid i ulike kompetansemiljø, forskings- og utdanningsinstitusjonar.

Opptakskrav og søknadsfrist 

Du må ha bachelor i barnevern for å søke. 

Søknadsfristen er: 15. april

Søk her

Studiets oppbygging 

Masterprogrammet i barnevern er i hovudsak eit fulltidsstudium som går over fire semester og består av seks obligatoriske emne på 15 studiepoeng og eit masteroppgåveemne på 30 studiepoeng. Man kan også følgje en deltidsprogresjon over 3 eller 4 år. Er du heiltidsstudent tar du 30 studiepoeng per semester, mens på deltid tar du bare 15 studiepoeng.

Det vil og vere mogleg å innpasse relevant vidare utdanning. Ta kontakt med instituttet for mer informasjon.

I andre semester må du velje kva type metode du vil fordjupe deg i;  kvalitativ eller kvantitativ. Valet ditt vil danne veg for kva type masteroppgåve du ønskjer å skriv. 

Studieløp fulltid:

1. semester 

  • Barns utvikling og velferd (MABARN326, 15 studiepoeng)  
  • Barnevernet sine beslutningsprosessar og rettslære (MABVA402, 15 studiepoeng) 

2. semester  

  • Forsvarleg rettsbruk og rettstryggleik i barnevernet (MABARN329, 15 studiepoeng) 
  • Qualitative Methods and Research Planning (HEM303, 15 studiepoeng) eller Quantitative Methods and Research Planning (HEM304, 15 studiepoeng) 

3. semester 

  • Endringsarbeid, tiltak og prosjektplanlegging (MABARN431, 15 studiepoeng) 
  • Kunnskapsbasert barnevernfagleg praksis på individ- og systemnivå (MABARN435, 15 studiepoeng) 

4. semester 

  • Masteroppgåve (MABARN330, 30 studiepoeng) 

For forslag til deltidsstudieløp, sjå her.

 

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på dette studiet.

Vidare studiemoglegheiter 

Med fullført mastergrad kan du og søkje opptak til Ph.d.-program.

Spørsmål om studiet? 

Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet  

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Sjå studieplanen for barnevern, master her:  

Studieplan for masterprogrammet i barnevern  

 

* Deltidsløp: ett fulltidsemne på 15 stp per semester.