Hjem

Informasjonsvitskap, master, 2 år

Datateknologi og digitalisering blir stadig viktigare i offentlege og private verksemder, og er ofte ein føresetnad for innovasjon, konkurranseevne og berekraftig samfunnsutvikling. På masterprogrammet lærer du om korleis behandling av kunnskap, informasjon og data blir støtta av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT).
  • Lengde2 År
  • Plassar32
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

På masterprogrammet i informasjonsvitskap fordjupar du deg innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). IKT kan vere informasjonssystem, program, databasar, datamaskinar, datanettverk og internett. I løpet av studiet lærer du meir om korleis behandling av kunnskap, informasjon og data blir støtta av IKT.  

Du kan studere fleire ulike område innan informasjonsvitskap, som for eksempel kunstig intelligens eller interaksjonen mellom menneske og maskin.  

Etter fullført utdanning i informasjonsvitskap har du ei djup forståing av grunnlaget for IKT og kan analysere teoretiske og praktiske problemstillingar. Du lærer å utvikle og tilpasse deg til eit fag i stadig endring. 

I tillegg lærer du å jobbe i tverrfaglege team. Enten du er mest interessert i utforming av datasystem, interaksjonsdesign eller programmering, kjem du til å jobbe saman med andre studentar på prosjektoppgåver. Sentrale oppgåver i informasjonsvitskapen er å utvikle teoriar, modellar, metodar, teknikkar og verktøy.  

Meir informasjon under

Master i informasjonsvitskap UiB

Produsent:
Studenter ved TV-produksjon, Infomedia UiB

Studiekvardag 

Undervisninga og pensumlitteraturen er på både norsk og engelsk. Det er om lag åtte timar undervisning i veka, som blant anna består av forelesingar og praktiske øvingar. Forelesingane er i seminarform, med stor grad av samhandling mellom forelesaren og studentane.  

I ei vanleg undervisningsveke bruker du mest tid på oppgåver og gruppearbeid, i tillegg til sjølvstudium. Du kan velje å bli med i ei forskargruppe, og du har tilgang til lesesalplass i ein delt lesesal. 

Aktuelle masteroppgåvetema blir foreslått av forskingsgruppene. Ein rettleiar vil vere knytt til oppgåva di frå starten av. Masteroppgåver kan vere knytt til ein næringspartnar, og då vil det ofte vere delt rettleiingsansvar mellom ein ekstern og ein intern rettleiar. 

Kva kan du jobbe som? 

Det er behov for IKT-kompetanse i alle sektorar og dei fleste bransjar. Som ferdigutdanna informasjonsvitar arbeider du gjerne som konsulent i IT-bransjen, eller med utvikling og drift i IT-avdelingar i private og offentlege verksemder.  

Arbeidsoppgåvene dine i arbeidslivet kan bestå av 

  • utvikling og evaluering av nye informasjonssystem 
  • opplæring og brukarstøtte 
  • vedlikehald av eksisterande system 
  • planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd kan nytte IKT på best mogleg vis 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er: 15. april. 

Studiets oppbygging

Masterprogrammet i informasjonsvitskap er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.   

1. semester 

2. semester 

3. og 4. semester 

  • INFO390 Masteroppgåve (60 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Utveksling er mogleg i første semester, men merk at UIB sin søknadsfrist for utveksling er 1. februar, altså før du begynner på mastergraden. Ta kontakt med studierettleiar dersom du ønsker å dra på utveksling.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Du kan ta doktorgrad (ph.d.) ved å søke opptak til forskarutdanninga. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 98 50

E-post: studieveileder@ifi.uib.no  

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Les heile studieplanen

Søk her