
Seks egenskaper du får på UiB
Mange jobber i samfunnet krever noen spesielle egenskaper. Mange av disse egenskapene utvikler du gjennom et universitetsstudium.
(Ikke opptak høst 2025) Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i matematikk er eit samlingsbasert deltidsstudium, der du studerer 50 prosent over 4 år.
Med ein erfaringsbasert mastergrad lærer du:
Studiet er samlingsbasert og kan følgast ved sidan av arbeid på skulen. Det er normalt tre eller fire samlingar per semester, og kvar samling går over tre dagar. Vi har studentar frå alle delar av Norge. Fagmiljøet held til på Realfagsbygget på Nygårdshøgda i Bergen sentrum.
Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som fagets metodar. Du får høve til å utvikle ei meir sjølvstendig og kritisk haldning til kjeldematerialet og til vitskaplege framstillingar. Gjennom studiet får du både ei fagleg og didaktisk fordjuping.
Du vil møte ulike undervisningsmetodar, t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, skriveoppgåver, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy. Vi oppmodar i tillegg til organisering av eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.
Med ein erfaringsbasert mastergrad får du utvikla den matematiske, didaktiske og digitale kompetansen din, og blir ein betre matematikklærar.
Med fullført og bestått studium er du kvalifisert for arbeid som lektor i skulen.
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Dette programmet er ikke tilgjengelig for opptak høsten 2025.
Undervisningsspråk: Norsk
Undervisninga er på norsk og dansk, mens litteraturen er på norsk og engelsk.
Studiet er eit deltidsstudium og går over fire år (åtte semester). Du finn detaljert timeplan og litteraturliste på emnesidene. Emna i dei fire første semesterane går annakvart år, så rekkefølgen på emnene er avhengig om du starter på studiet i et odde- eller partallsår.
Start oddetallsår:
1. Semester (haust)
Diskret matematikk (MAT641, 10 studiepoeng)
Matematikkens historie - matematikken i oldtida (MAT642, 5 studiepoeng)
2. Semester (vår)
Matematikkens historie - matematikken i nyare tid (MAT643, 5 studiepoeng)
Algebra (MAT644, 10 studiepoeng)
3. Semester (haust)
Didaktisk modellering (MAT647, 15 studiepoeng)
4. Semester (vår) fellesemne:
Metodekurs i utdanningsforsking (METMAU660 15 studiepoeng)
Start partalsår
1. Semester (haust)
Didaktisk modellering (MAT647, 15 studiepoeng)
2. Semester (vår) fellesemne
Metodekurs i utdanningsforsking (METMAU660 15 studiepoeng)
3. Semester (haust)
Diskret matematikk (MAT641, 10 studiepoeng)
Matematikkens historie - matematikken i oldtida (MAT642, 5 studiepoeng)
4. Semester (vår)
Matematikkens historie - matematikken i nyare tid (MAT643, 5 studiepoeng)
Algebra (MAT644, 10 studiepoeng)
For alle:
5. - 8. Semester
Masterseminar i matematikkdidaktikk (MAT690, 15 studiepoeng)
Masteroppgåve i matematikkdidaktikk (MAT690, 45 studiepoeng)
Det er ikkje høve til å reise på utveksling på dette programmet.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for Erfaringsbasert master i undervisning med fordypning i matematikk