Norsk som andrespråk, årsstudium
- Lengde1 år
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar13
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng60
- StartVår
Hovedinnhold
Kva lærer du?
På dette programmet lærer du om typiske trekk ved språket og språkutviklinga til dei som har norsk som andrespråk, også kalla andrespråksinnlærarar.
Du vil blant anna få:
- brei kunnskap om typiske trekk ved språket og utviklinga til andrespråksinnlærarar
- brei innsikt i andrespråkslæringsteori og språkdidaktiske spørsmål
- brei kunnskap om norsk lydlære, grammatikk og ordforråd
- kunnskap om fleirspråklegheit på individ- og samfunnsnivå
Studiekvardag
Årsstudium i norsk som andrespråk er eit fulltidsstudium. Det er om lag 16-20 timar undervisning i veka. Det er sjølvstudium som gjeld når det ikkje er forelesing eller seminar. Studentane vel ofte å danne studiegrupper, der dei arbeider og løyser oppgåver saman. Du kan med andre ord organisere studia dine både som gruppearbeid og individuelt arbeid, litt etter korleis du likar å jobbe.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus.
På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Kva kan du jobbe som?
Studiet passar for deg som kan tenke deg å undervise barn, unge og vaksne som lærer norsk som andrespråk.
Du kan for eksempel arbeide med:
- vaksenopplæring
- undervisning i skolen
- norskopplæring i organisasjonar, som for eksempel Raude Krossen
- kulturformidling
- språkarbeid i det private næringslivet, for eksempel som fagkonsulent i forlag
I skolen og i vaksenopplæringa er det i dag eit stort behov for kompetanse om korleis barn, unge og vaksne lærer norsk som andrespråk, og korleis ein kan legge til rette for at læring skal skje.
Opptakskrav og søknadsfrist
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
Programmet omfattar eitt akademisk år (to semester) og startar i januar. Studiet inneheld seks emne og du tar 30 studiepoeng kvart semester.
1. semester
- Moderne norsk (15 studiepoeng)
- Fonologi og grammatikk i andrespråksperspektiv (5 studiepoeng)
- Tekstlingvistikk og pragmatikk i andrespråksperspektiv (10 studiepoeng)
2. semester
- Andrespråkslæring og -undervisning (15 studiepoeng)
- Fleirspråklegheit i sosiolingvistisk perspektiv (10 studiepoeng)
- Testing og vurdering av språkferdigheiter (5 studiepoeng)
Utveksling
Studentane på årsstudium i norsk som andrespråk har ikkje anledning til å reise på utveksling.
Vidare studiemoglegheiter
Årsstudium i norsk som andrespråk kan utgjere eitt år av bachelorgrad i norsk som andrespråk. Med bachelorgrad kan du søke på masterprogrammet i nordisk. Med ei masteroppgåve innan feltet norsk som andrespråk kan det særleg opne seg moglegheiter for å få arbeid innan forsking og språktesting.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar.lle@uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.