Hjem
Universitetsbiblioteket

Bergen Open Access Publishing

Bergen Open Access Publishing (BOAP) er ei publiseringsteneste som vert drifta av Universitetsbiblioteket i Bergen. BOAP støttar etablering og teknisk drift av opne, elektroniske tidsskrift eller skriftseriar for fagmiljø tilknytt Universitetet i Bergen.

Hovedinnhold

Biblioteket tilbyr løysingar for fagmiljø som ønskjer enten å etablere eit vitskapeleg tidsskrift eller skriftserie med open tilgang til innhaldet, eller som vurderer å gjere eksisterande tidsskrift eller skriftseriar om til Open Access. Løysinga er basert på Open Journal Systems (OJS). Biblioteket står for den tekniske drifta av systemet, brukaropplæring og brukarstøtte. Fagmiljøa er sjølv ansvarleg for administrasjon og publisering av tidsskrifta.

Ved å ta i bruk tenesta forpliktar redaksjonane seg til å publisere tidsskrifta/skriftseriane open access, med ein Creative Commons-lisens og utan embargo. Det vert også stilt krav om regelmessig publisering. Les våre vilkår og retningslinjer for bruk av tenesta.

Om du har planar om å starte opp eit tidsskrift/skriftserie eller er på utkikk etter nye publiseringsløysingar for allereie etablerte kanalar, ta gjerne kontakt.

Sjå også vår side med nyttig informasjon for tidsskrift.

Har du spørsmål, kontakt oss på boap@uib.no