Velkommen til utstillingsåpning og Catharine Kølle-symposium i Balestrand 6. juni 2024!
I samband med at Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand opnar utstilling om Catharine Hermine Kølle 6. juni, inviterer Reiselivsmuseet i samarbeid med Universitetet i Bergen til eit Catharine Kølle-symposium samtidig med utstillingsopninga 6. juni i vakre Balestrand. Det vil bli foredrag og samtale med kunsthistorikar Marit Paasche, kulturvitarane Kristina Skåden og Helga Dvergsdal Fjellstad. Me byr også på ein enkel lunsj undervegs i symposiet.
Hovedinnhold
Med utgangspunkt i eit lite kvitt hus på Holmen i Ulvik vandra Catharine Hermine Kølle (1788-1859) ut i verda med skisseblokk og skrivebøker i sekken. I løpet av 30 år gjennomførte ho 15 vandringar og reiser i Sør-Norge og til utlandet, og dokumenterte livet og reisene sine i 250 akvarellar og 1800 sider tekst, ein formidabel kulturskatt som i dag er bevart på Universitetsmuseet og Universitetsbiblioteket i Bergen.
I tillegg til å skriva reisedagbøker og mala akvarellar, laga ho også skisser og kart som detaljert skildrar natur- og kulturlandskapa ho passerte. Dei tettskrivne reisedagbøkene inneheld skildringar av landskap, stader og bygningar.
Utstillinga på Norsk Reiselivsmuseum er laga i samarbeid med Universitetsmuseet og Universitetsbiblioteket i Bergen, og fokuserer på reisene og livet til Catharine Hermine Kølle. Sentralt står reisa i 1835 der ho vandra frå Ulvik gjennom Voss og Sogn, og vidare på kryss og tvers gjennom mesteparten av Sør-Norge. Det var den lengste norgesvandringa til Catharine, ho reiste i alt 245 mil, 224 mil til fots.
I symposiet vil me prøva å komma tettare inn på personen Catharine Kølle, på hennar posisjon og rolle som kunstnar, vandrar og midtpunkt i det kulturelle miljøet i Ulvik.
Symposiet på Reiselivsmuseet i Balestrand er tilrettelagt slik at det er mogleg å reisa med båt tur-retur same dag frå Bergen sentrum. For dei som ønsker å overnatta er det rabatt på Kviknes Hotel. Me inviterer også til ein utvida kveld med omvising i huset til treskjerar Ivar Høyvik, mannen som utsmykka Høyviksalen på Kviknes Hotel. I tillegg vil det bli sidersmaking og middag.
Program
08:00 | Båt frå Bergen avreise 08:00 fra Strandkaien. Ankomst Balestrand kai 12:00. | ||||
11:30 - 12:30 | Registrering og servering av kaffe og kaker. | ||||
12:30 - 12:40 | Velkommen v/ museumsleiar Guri Våge Mossige. | ||||
12:40 - 14:30 | Innlegg
| ||||
14:30 - 15:30 | Lunsj og tid til å sjå utstillinga. | ||||
15:30 - 16:15 | Samtale i panel mellom deltakarane. | ||||
16:15 –16:20 | Avrunding v/ museumsleiar Guri Våge Mossige. | ||||
16:50 | Båt til Bergen, avreise Balestrand kai 16:50. Ankomst Bergen, Strandkaien 20:45. | ||||
17:15 | Utvida kveld startar med kulturvandring, omvising, sidersmaking og middag. |
Om foredragsholderne
Marit Paasche, er dr.philos. i kunsthistorie frå NTNU og arbeider som uavhengig forskar, forfattar og kurator. I 2019 publiserte ho Hannah Ryggen. Threads of Defiance, som kom ut på Thames and Hudson og University of Chicago Press. Den blei kåra til ein av dei beste bøkene i 2019 av professor Marina Warner i Times Literary Supplement, mens New York Times og danske Weekendavisen kåra den til ein av dei beste kunstbøkene i 2019. Paasche er nå aktuell med boka Søvn og lykke. Norsk kunst og det moderne gjennombruddet (Universitetsforlaget). Paasche har kuratert utstillingar for mellom andre Kunsthall Oslo, Henie Onstad Kunstsenter, Schirn Kunsthalle i Frankfurt og Universitetsmuseet i Bergen. |
Kristina Skåden, er førstekonservator NMF, Ph.d., ved Stiftelsen Lillehammer museum, Maihaugen, og er redaktør for Norsk museumstidsskrift. Ho har arbeidd med kunnskapshistorie, naturforståingar og transporthistorie. I seinare år har merksemda vore retta mot grøn kulturarv, kulinarisk historie og matsystem gjennom utviklings- og forskingsprosjekt og formidlingsarbeid. |
Helga Dvergsdal Fjellstad, busett i naturskjønne Sunnfjord i Vestland. Ho arbeider som lektor ved Førde Vidaregåande Skule, og underviser i faga historie, rettslære, norsk og samfunnskunnskap. Ved sidan av lærarjobben jobber ho som guide på breen, til fots og på ski. Fjellstad er gift og har to små barn som sjølvsagt er med både på fjelltur og skitur. Fjellstad skreiv masteren med tittelen Kvinnenes inntog i fjellsporten i 2022, der Catharina Kølle var ein av tre kvinner som blei analyserte. |
Velkommen!