Hjem
Aktuelt
Nyhet

Nasjonal innovasjonspris til bergensforskarar

Bjarne Hansen og Gerd Kvale får den prestisjetunge innovasjonsprisen til Forskingsrådet.

Bjarne Hansen og Gerd Kvale
Bjarne Hansen og Gerd Kvale er vinnararav årets Innovasjonspris frå Forskingsrådet.
Foto/ill.:
Paul S. Amundsen

Hovedinnhold

Prisen går til Hansen og Kvale for utviklinga av the Bergen 4-Day Treatment (B4DT), som blei utvikla med utgangspunkt i behandling av tvangslidingar (OCD). No er metoden tatt i bruk òg mot andre psykiske lidingar som panikkangst og sosial angst, og det blir òg jobba for å ta nokre av metodane i bruk på andre psykiske og somatiske sjukdommar. Forskinga er eit samarbeid mellom Helse Bergen og Universitetet i Bergen, med fleire andre bidragsytarar.

Gerd Kvale er professor ved Institutt for klinisk psykologi og Bjarne Hansen er professor ved Senter for krisepsykologi, begge på Det psykologiske fakultet. 

– Det er fantastisk gledeleg at Forskingsrådet vel å gi innovasjonsprisen til den konsentrerte behandlinga for OCD og angstlidingar! Takka vere iherdig og systematisk arbeid frå mange hald er 4-dagarsbehandlinga tilgjengeleg for pasientar over heile landet, seier Kvale.

50 klinikkar i Norge

I Norge har meir enn 50 klinikkar tatt metoden i bruk, og i tillegg er det etablert behandlingstilbod i Sverige, Finland, Tyskland, Singapore og Island. Eit tilbod er òg under oppbygging i USA.

Hansen og Kvale har gjennom ei årrekke fått mykje skryt for arbeidet sitt, og blei i 2018 kåra til to av dei 50 viktigaste personane innan helsesektoren av Time Magazine.

Kort veg frå innovasjon

– Men denne prisen skil seg på mange måtar frå anna merksemd og gode tilbakemeldingar vi har fått, seier Bjarne Hansen.

– For om det er noko vi brenn for er det innovasjon som kan omsetjast i praksis. Vegen frå innovasjon til noko som kan bety mykje for liva til folk kan vere kort, men då kan du ikkje berre sitje på eit kontor. Dette er lag-innovasjon, seier forskaren.

Fagmiljøet har heile tida kombinert forsking og behandling, ved at ein heile tida har forska fram metodar som er effektive og gir pasientane hjelp raskt.  

– Har gitt mange eit betre liv

Innovasjonsprisen til Forskingsrådet blir delt ut årleg til ein person eller verksemd som har brukt forsking strategisk i sitt innovasjonsarbeid, og på den måten skapt forskingsbasert innovasjon. Prisen blei overrakt av næringsminister Jan Christian Vestre.

– Årets vinnarar av innovasjonsprisen viser på imponerande vis korleis grunnleggjande forsking kan bane veg for nyskaping med internasjonal gjennomslagskraft. Gerd Kvale og Bjarne Hansen har kombinert forskingsbasert kunnskap, engasjement og innovasjonskraft til å utvikle eit tilbod som allereie har gitt mange menneske eit betre liv, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit.

– Ligg godt til rette for innovasjon

Hansen synest at Norge har gode føresetnader for å lukkkast med helseinnovasjon:

– Infrastrukturen for innovasjon i Norge er veldig bra samanlikna med mange andre land, og på nokre område har vi vore veldig flinke til å utnytte det. Men innan psykisk helse har ein slitt både i Norge og andre land, seier han. Måten norsk helsevesen er organisert og finansiert på gjer det lettare å ta i bruk ein slik metode enn i mange andre land.

Dei to legg ikkje skjul på at arbeidet med innovasjon innan psykisk helse har gitt dei mykje:

– Å få lov til å bidra til at forsking så direkte kan vere med på å gi folk ein ny kvardag er eit stort privilegium. Eg trur at noko av nykjelen ligg i at vi så systematisk har lagt til rette for å fortløpande kombinere det kliniske arbeidet med kvalitetssikring der vi sjekkar om det virkar, seier Kvale.

Og forskinga for å skape betre helse held fram på fleire frontar.