Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Kan kynureninar brukast som biomarkør for ADHD og depresjon?

Tore Ivar Malmei Aarsland disputerer 21.5.2024 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Tryptophan and kynurenine pathway metabolites in neuropsychiatric disorders".

Hovedinnhold

Diagnostikken av psykiatriske lidingar er basert på klinisk vurdering. Det er stadig jakt på biologiske markørar som kan gje tilskot til diagnostikk, identifisering av undergrupper og vidareutvikling av behandling. Ei gruppe potensielle biomarkørar er kynureninane, metabolittar frå den kosthaldsavhengige aminosyra tryptofan. Dei er involverte i mange mekanismar i sentralnervesystemet, mellom anna energiproduksjon og regulering av nervesignal og betennelse.

I doktorgradsarbeidet sitt har Aarsland freista kartleggja nivået av tryptofan og kynureninar i blodet hjå personar med ADHD og personar med depresjon og studert samanhengen med symptomnivå og effekt av behandling. Han fann reduserte blodverdiar samanlikna med kontrollpersonar. Skilnaden kan hengja saman med livsstil, sjukdomsbyrde og medisinbruk, men ei rekkje metodologiske utfordringar kan òg tilsløra samanhengen mellom sjukdom og biomarkørnivå.

Elektrostimulering (ECT) er ei effektiv behandling av alvorleg depresjon og eit høve til å undersøkja samsvar mellom symptombetring og endring i biomarkørnivå. Aarsland analyserte endring i blodverdiar av tryptofan og kynureninar etter ECT i to ulike grupper, men resultata tyda ikkje på biokjemisk normalisering. I ein påfylgjande oversiktsartikkel fann Aarsland heller ikkje prov for endring i blodverdiane etter ECT. Få deltakarar saman med stor variasjon i behandlingslengd, fasting og blodprøvetidspunkt kan gjera det vanskeleg å påvisa biokjemiske endringar som heng saman med betring. Ei rekkje faktorar kan dessutan påverka målinga av kynureninar, men vart ikkje tekne tilstrekkeleg omsyn til i dei inkluderte studiane.

Kynureninar har potensiale til å spela ei rolle i diagnostikk og behandling av psykiatriske lidingar. Doktorgradsarbeidet til Aarsland viser likevel at resultata på dette feltet er sprikande. Det trengst fleire og større studiar på området som tek omsyn til effektane av faktorar som til dømes fasting, livsstil og betennelse.

Personalia

Tore Ivar Malmei Aarsland (f. 1989) frå Egersund, Rogaland, er utdanna lege ved Universitetet i Bergen. Han tok til med forsking på tryptofanmetabolisme i 2013 som forskerlinjestudent under prosjektet «ADHD hos voksne i Norge» ved Institutt for biomedisin. Sidan 2019 har han halde fram med dette arbeidet som doktorgradsstipendiat, med professor Jan Haavik som hovudrettleiar, og fyrsteamanuensis Ute Kessler og professor Per Magne Ueland som medrettleiarar.