Kvinneklinikkens forskingsdag
Den 20.oktober arrangerer Kvinneklinikken forskingsdag saman med Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen. Du er invitert og kan delta enten med presentasjon av eige prosjekt eller som publikum.

Hovedinnhold
Kvinneklinikken inviterer til forskingsdag og har også med Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen, den 20. oktober 2021 kl. 12–16. Det blir påfølgande kveldsprogram i Litteraturhuset frå klokka 18.
Fødselshjelp og kvinnesjukdommar engasjerer breidt, og vi ønsker å fortelje alle interesserte kva vi forskar på, kvifor, kva resultata seier og korleis vi kan bruke ny kunnskap.
Stad for programmet på dagtid: Bikuben på Haukeland Universitetssjukehus
Program: via denne lenka.
Påmeldingslenke: https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=7928880
Det blir presentasjonar av forsking og fagutviklingsprosjekt som er knytta til alle avdelingar og yrkesgrupper ved Kvinneklinikken. Vi fortset med fokus på kvinnehelse i eit arrangement med spennande paneldebatt og prisutdeling på Litteraturhuset frå klokken 18 (eiga påmelding via lenka over).
Målet med dagen er å få vise kva for prosjekt som foregår på Kvinneklinikken, bli betre kjent med kvarandre og stimulere til framtidig samarbeid om forsking og fagutvikling.
På grunn av servering og organisering mtp smittevern i Bikuben treng vi publikumspåmelding anten til første pulje klokka 12–14 eller andre pulje 14:05–16.
Velkomen!