CCBIONeur910: Brukarmedverknad i medisinsk og helsefagleg forsking, 2024
Kurset er laga for å tilrettelegge for brukarmedverknad i medisinsk og helsefagleg forsking, og vil mellom anna vise metodar i å involvere pasientrepresentantar. Dette er i høgste grad aktuelt for alle biomedisinske forskingsfelt. Pasient- og brukarmedverknad har ein dokumentert positiv verknad på relevansen og effekten av medisinsk forsking.
Hovedinnhold
Hovudføremålet med kurset er å utvikle deltakaren si emne til å vurdere og formidle meirverdi av brukarmedverknad og igangsette konstruktiv brukarmedverknad i eigne forskingsprosjekt. Kurset gjev kunnskap om bakgrunnen for innføring av brukarmedverknad i medisinsk og helsefagleg forsking, og om korleis brukarmedverknad er dokumentert til å påverke medisinsk og helsefagleg forsking, gjennomføring av kliniske studiar og bruk av forskingsresultat. Det gjev også kunnskap om forskaren sitt ansvar for at brukarmedverknad vert integrert i heile prosessen i eit klinisk forskingsprosjekt – frå planlegging til prosjektgjennomføring og publikasjon, kjennskap til brukarorganisasjonar og lokale brukarutval si rolle i rekruttering og ev. opplæring til brukarmedverknad i forsking.
Kurset er eit samarbeid mellom CCBIO, Neuro-SysMed, REMEDY, NorHEAD, MATRIX, NorCRIN og FORMI, og prosjektet er støtta av stiftelsen Dam gjennom Nasjonalforeningen for folkehelsen. Nina Jebsen (CCBIO), Kjell-Morten Myhr (Neuro-SysMed) og Tone Skår (Neuro-SysMed og VIS) har emneansvar for kurset. Administrative koordinatorar er Irini Ktoridou-Valen (irini.ktoridou-valen@helse-bergen.no), Rasmus Olai Collett Humlevik (Rasmus.Humlevik@uib.no), Gard Johanson (gard.johanson@uib.no) og Anna Rubiolo (anna.rubiolo@uib.no).
Kurset går over tre dagar (17.-19. april 2024), og utgjerast av førelesingar, gruppearbeid og diskusjonar, med presentasjonar frå nasjonale og internasjonale føredragshaldarar.
Undervisingsspråk er norsk med enkelte innlegg på engelsk.
Når: 17.–19. april 2024
Stad: Undervisingrom på EITRI, campus Haukeland Universitetssjukehus.
Program: Sjå førebels program på denne koblinga.
Registrering: Tilgjengeleg for registrering i Studentweb med frist 1. februar 2024. Registrer deg i Studentweb dersom du allereie har gyldig studentstatus ved UiB.
Tilgjengeleg for deltaking utan studiepoeng: Ja, på denne registreringslenka. NB: ved stor pågang kan det bli naudsynt å vurdere samansetning av gruppa med kursdeltakarar etter påmeldingsfristen. Studentar ved forskarskulene til CCBIO og Neuro-SysMed, samt studentar tilknytta partnarorganisasjonene, vil kunne prioriterast. Representantar frå brukarorganisasjonar vil også bli prioritert til eit visst antal plassar.
Ingen avgift/gebyr.
Studiepoeng: 2 ECTS.
Les meir på studentsidene.