Professor/førsteamanuensis i medisin (global helse)
Ved Det medisinske fakultet, Senter for internasjonal helse, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling som professor (100 %) i medisin (global helse). Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med professorkompetanse, kan det verte tilsett førsteamanuensis.
![CIH staff CIH staff](https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/styles/content_main/public/media/cover_frontcihstaffsolstrand_tt_cut.jpg?itok=PqbT8-6a×tamp=1579195851)
Hovedinnhold
Senter for internasjonal helse (SIH) er etablert som eit tverrfagleg og interfakultært senter ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Det medisinske fakultet. Sentralt ved SIH er Forskarskulen i internasjonal helse, med ca. 60 doktorgradskandidatar og 40 mastergradskandidatar i eit tverrfagleg Master’s program i global helse, og CIH/CISMAC Research School for ph.d.- kandidatar. Dette er engelskspråkleg undervisning og for ein stor del knytt til kompetansebygging ved samarbeidsuniversitet i Afrika og Asia. I tillegg undervisar dei tilsette ved SIH medisinstudentar i global helse.
Senterets hovudoppgåver er å:
- Initiera, driva og koordinera helsefagleg forsking og utdanning som er viktig for verdens fattige befolkningar.
- Driva forsking, undervisning, forskarutdanning og leiarutvikling i partnarskap med institusjonar i låg- eller middelinntektsland (LMIC), og bidra til institusjonsbygging hos partnarane.
Søknadsfrist: 24.03.2019 Lær mer.