Tema i neolittisk arkeologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ARK113
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Undervisninga vil vere på norsk eller engelsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i aktuelle arkeologiske tema og periodar frå utviklinga av menneske fram til 500 f.Kr.
Når ressursane tillét det, tilbyr instituttet undervisning i eitt eller fleire tema. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Studentane skal fordjupe seg i enkelte periodar eller tema knytt til arkeologiske problem på ein vitskapleg måte.
For omtale av temaet som vert tilbydd inneverande semester, sjå her: ARK113
Læringsutbyte
Studenten skal ved fullført emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheitar og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten:
- har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innanfor perioden frem til 500 f.Kr.
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
- kan oppdatere kunnskapen sin innanfor fagområdet
- kjenner til fagområdet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
- har god kunnskap innan og innsikt i det valde fordjupingstemaet.
Ferdigheiter
Studenten:
- kan nytte fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og gjere greie for vala sine
- kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og knytte dette til ei problemstilling
- kan nytte faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer som er relevante for forskinga i perioden frem til 500 f.Kr.
- kan problematisere og nytte relevant fagterminologi og drøfte arkeologiske framstillingar innan temaet.
- Kan vurdere og analysere litteratur og arkeologiske funn, og gjere sjølvstendige vurderingar.
Generell kompetanse
Studenten:
- har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt aleine og som deltakar i gruppe i tråd med etiske krav og retningsliner
- kan presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysningar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformar.
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innenfor fagområdet, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor fordjupingstemaet
- kan setje seg inn i ein omfattande faglitteratur og formidle kunnskap og synspunkt derifrå, og kan gjere eigne vurderingar i skriftlege arbeid.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Studentar med studierett ved UiB kan ta emnet, men emnet har begrensa antal studieplassar. Dersom det er fleire påmelde enn plassar, har studentar på bachelorprogrammet i arkeologi prioritet.
Dersom det er 5 eller færre påmelde studentar, kan emnet bli kansellert.
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
60 % deltaking på undervisninga er obligatorisk.
Emnet har eit minimumskrav på 60 % oppmøte i undervisninga. Studentar som har mindre oppmøte enn 60 %, vil ikkje få gjennomføre vurdering (eksamen) på emnet
Alle obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere godkjent i same semester. Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er berre gyldig i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Eksamen består av ei semesteroppgåve på om lag 3000 ord. Oppgåva skal ha form som ein vitskapleg artikkel eller rapport
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk og/eller engelsk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Instituttet utarbeider pensumliste. Pensum er omlag 1200 sider.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for vårsemesteret.