Vitenskapelig skriving og kommunikasjon

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:
Emnet har som mål å gje deltakarane teoretiske kunnskap om ulike element innan vitskapleg skriving (primært på engelsk), noko praktisk erfaring med utbetring av tekst, samt vise korleis ein kan forbetre eigne vitskaplege tekstar, og presentere munnleg forskingsfunn på ein god måte.

Emnet skal formidle forståing for korleis ein organiserer eit vitskapleg manuskript og korleis ein kan forbetre alle deler av teksten, spisse bodskapen i innhaldet, og korleis skrive eit informativt og overtydande følgebrev (cover letter). Emnet vil og presentere og drøfte kva som er god forskingskommunikasjon.

Innhald:
Studiet tar opp tema som korleis organisere idéar, resultat og bodskap i eit vitskapleg arbeid, korleis forbetre tittel og artikkel-samandrag (abstract), korleis skrive ei tydeleg problemstilling, og elles praktiske tips som engelsk teiknsetting, kommaregeler og nummerering i tekst. Emnet vil og gje studentane kunnskap om korleis formidle forskingsfunn munnleg på ein god måte.

Læringsutbyte

Kandidaten vil ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap - Kandidaten har kunnskap om:

- Korleis eit vitskapleg manuskript er strukturert

- Korleis identifisere deler av teksten som treng forbetring

- Engelsk teiknsetting og nummerering

- Innhald i ein presis og dekkande tittel

- Korleis formulere ein problemstilling

- Struktur og innhald eit godt artikkel-samandrag (abstract)

- Oppsett og innhald i informative og overtydande følgebrev (cover letter) til tidsskrifta

- Viktige prinsipp ved munnleg presentasjon av forskingsdata

Ferdigheiter - Kandidaten kan:

- Strukturere eit vitskapleg manuskript

- Forbetre tittel ved presentasjon av vitskaplege data

- Forbetre samandraget til ein vitskaplege tekst

- Formulere ei presis problemstilling og ein informativ og dekkande tittel

- Utbetre manustekst når det gjeld grammatikk, teiknsetting og nummerering

- Utbetre eigen munnleg presentasjon av forskingsdata

Generell kompetanse:

- Studenten kan vurdere vitskaplege tekstar og foreslå utbetring når det gjeld eintydig språk og presisjon i tekstinnhaldet.

- Studenten er kjent med litteratur som tilrår korleis skrive gode vitskaplege tekstar.

- Studenten medviten korleis forskingsdata blir munnleg presentert og kjenner verktøy for å arbeide med forbetring av eigne presentasjonar.

Studiepoeng, omfang

2 studiepoeng

Undervisningssemester

20.-21. mai 2025

Undervisningsstad

Bergen, campus Haukeland
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode engelskkunnskapar (skriftleg)
Krav til studierett

1. februar i Studentweb for studentar ved UiB.

Kandidatar ved alle doktorgradsstudiar ved UiB - og elles eksterne studentar som søker om hospitantstudierett ved Universitetet i Bergen.

Eksterne deltakarar kan søke om opptak til kurset gjennom Søknadsweb med frist 1. februar.

Dersom du ikkje er student og ikkje treng studiepoenga (ECTS), kan du fortsatt delta ved forelesningane ved å registrere deg gjennom denne lenka:

https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=15763010

Vurderingsformer
Obligatorisk frammøte minst 80% av undervisningstimane. Aktiv deltaking i gruppearbeid og diskusjonar. Obligatorisk innlevering av oppgåver. Obligatorisk pensum (før kurset)

Karakter:
Bestått/ikkje bestått
Litteraturliste
Litteraturliste blir frigjord ca ei veke før kursstart.
Emneansvarleg
Erling Høivik