Introduksjon til energikjelder og forbruk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ENERGI101
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Emnet har som mål å gi studentane ein introduksjon til og oversikt over ulike energiressursar og teknologiar, og deira bruk. Emnet skal formidle forståing for bidraget frå ulike energikjelder til nasjonal og global energiforsyning, korleis denne har utvikla seg over tid og kva mogelegheiter som ligg i framtida.
Innhald
Emnet diskuterer sentrale fornybare energikjelder som solenergi, vindenergi, vasskraft, havenergi, bioenergi og geotermisk energi. I tillegg tek emnet for seg kjernekraft og fossile energikjelder. Tema som energisystem, energilagring og energieffektivitet vert óg introdusert, saman med CO2-fangst og lagring. Dei ulike energikjeldene vil bli satt inn eit berekraft- og økonomiperspektiv. Prinsippet for livssyklusanalyse vil og bli introdusert. Emnet vil gje ei oversikt over nasjonal og global energiproduksjon og forbruk, korleis energi vert nytta og projeksjonar fram i tid.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan gjere greie for ulike energiressursar og deira relative rolle i den globale og nasjonale energiforsyninga
- kan gjere greie for sentrale omgrep og konsept knytt til ulike energiteknologiar
- kan gjere greie for forbruk av ulike energiressursar og teknologiar
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere utrekningar på tilgjengeleg energi frå ulike ressursar og tilhøyrande verkningsgradar ved konvertering av energiformar
- kan gjere enkle berekningar knytt til energiforbruk og energikostnad
- kan gjere enkle berekningar knytt til fundamentale og sentrale samanhengar innan ulike energiteknologiar
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjere greie for utfordringar knytt til utviklinga av energibruk globalt og lokalt, deriblant ressursar, kostnadar, samfunn og miljø
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon:
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Vekentlege innleveringar av øvingar
- Deltaking i øvingsforelesningar
Obligatoriske arbeidskrav er gyldig i semesteret dei blir godkjent og i eit påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Prosjektarbeid vil telle 30% av endeleg karakter og må være gjennomført.
Skriftleg eksamen 4 timar, vil telle 70% av endeleg karakter og må være bestått.
Vi reknar saman poengsummer frå delvurderingane for å bestemme sluttkarakter i emnet.Delvurderinga må vere bestått for å bestå emnet.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
I utgangspunktet vil referansegruppe bli brukt årleg.