Energiressursar og -forbruk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studenten ei oversikt over ulike energiressursar, med hovudvekt på fornybare ressursar. Emnet skal også gje ei oversikt over nasjonalt og internasjonalt energiforbruk og energiproduksjon, og projeksjonar framover i tid. Studenten skal beherske sentrale omgrep som livssyklusanalyse, berekraft og energikostnadar.

Innhald:

Emnet gir ei oversikt over fornybare energiressursar som solenergi, vindenergi, vasskraft, energi frå tidevatn og bølgjer, bioenergi og geotermisk energi. I tillegg tek ein kort for seg kjernekraft og fossile energikjelder saman med CO2-fangst og lagring. Prinsippa for utnytting av dei ulike ressursane vert diskutert. Dagens energiproduksjon og bruk, både nasjonalt og globalt vil bli gjennomgått, saman med projeksjonar framover i tid. Omgrep som livssyklusanalyse, berekraft og energikostnadar vil bli introdusert og diskutert.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan gjere greie for ulike energiressursar og deira relative rolle i den nasjonale og globale energiforsyninga
  • kan gjere greie for korleis energi vert brukt og tilhøyrande krav til energiforsyninga
  • kan vurdere mogleg framtidig bruk av ulike energikjelder

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere overslag på tilgjengeleg energi frå ulike ressursar
  • kan gjere overslag på energikostnad

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjere greie for grunnleggjande utfordringar knytt til utviklinga av global energibruk
  • kan gjere greie for omgrep som berekraft og livsyklusvurderingar i samband med energiomforming og - bruk

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
MAT111 Grunnkurs i matematikk 1 eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
KJEM110 Kjemi og energi.
Studiepoengsreduksjon

ENERGI101: 10 studiepoeng

ENERGI200: 10 Studiepoeng

Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi
Arbeids- og undervisningsformer

4 forelesingar, 1 øvingstime per veke. Øvingane inkluderer rekneoppgåver knytt til forelesingane og diskusjon av aktuelle tema.

Det vil bli arrangert ekskursjonar til energibedrifter og- anlegg.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

2/3 av øvingane må vere levert og godkjent for å ta eksamen.

Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav vert godkjent + tre etterfølgjande semester.

Vurderingsformer

Skriftleg digital eksamen, 4 timar.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

I utgangspunktet vil referansegrupper bli brukt årlig.

Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator er tillatt, i samsvar med modellar som vert angitt i fakultetet si regelsamling.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.