Innføring i historie
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- HIS100
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet tek sikte på å gje ei innføring i historie som universitetsfag. Det legg særleg vekt på å tydeleggjera kva som kjenneteiknar historia som vitskapleg disiplin, og å reflektera kring kva som skil universitetsfaget historie frå den historia ein møter i andre samanhengar - til dømes som undervisningsfag i skulen, som argument i den politiske diskusjonen eller som eit utgangspunkt for fiksjon og drama.
Med utgangspunkt i lange linjer i verdshistoria og gjennom døme henta frå ulike tradisjonar innan historiefaget, vil emnet vise korleis synet på fortida varierer ut frå tidsmessig og geografisk plassering.
Emnet er ikkje del av spesialiseringa i historie, men vert tilrådd for alle studentar som vil spesialisera seg i historie.
Emnet er obligatorisk for alle som følgjer lektorprogrammet i historie og religionsvitskap med historie som fag 1.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap og ferdigheiter:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar historie som universitetsfag
- har kunnskap om korleis menneske si plassering i tid og rom påverkar synet på fortida
- har kunnskap om korleis historie har blitt brukt og vert brukt til politiske formål.
Ferdigheiter
Studenten
- har opparbeidd evne til å kritisk vurdera historiske framstillingar.
- har tileigna seg ei viss evne i å formidla historiefagleg kunnskap skrifteleg
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
4- timars skriftleg skuleeksamen på inntil 3000 ord.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på omlag 800 sider