Det antikke Hellas' historie
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- HIS131
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Hovudsakleg norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
HIS131 vert ikkje tilbode våren 2025.
Kunnskap om Hellas i antikken er ein inngangsport til forståing av seinare europeisk historie så vel som kultur. Emnet tilbyr studentane eit første møte med tidleg gresk historie- frå bronsealder til bysantinsk tid- gjennom undervisning i tilknyting til sentrale historiske stadar og minnesmerker i Aten. Studentane vil bli kjent med byen og området i antikken og få innsikt i korleis historia vart forma av naturlege og menneskeskapte omgjevnader.
Trykk her for meir informasjon om temaet og forelesningsoversikt for emnet
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har grunnleggjande kunnskapar om det antikke Hellas si sosiale, økonomiske, politiske og kulturelle historie
- har kjennskap til sentrale historiske stadar og minnesmerker i Aten frå arkaisk, klassisk, hellenistisk, romersk og bysantinsk tid.
Ferdigheiter
Studenten
- kan forklare historiske samanhengar skrifteleg og munnleg
- kan gjøre reie for sentrale hendingar i Hellas' antikke historie
- kan gjøre reie viktige trekk ved tidleg gresk samfunnsstruktur
Generell kompetanse
Studenten
- kan legge frem eit faglig innlegg framfør medstudentar og lærarar
- kan gi ei skriftleg framstilling av eit fagleg problem.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen, samt hospitantar.
Søknadsfirst for å bli hospitant er 1. desember. Les mer om søknad om hospitantstatus her: www.uib.no/hf/22560/hospitant-ved-det-humanistiske-fakultet
Det er 18 plassar på emnet, og frist for undervisningsmelding til emnet er 25. januar. Dersom der er fleire studentar enn plassar, vert opptak gjennomført ved loddtrekking.
Dersom færre enn 10 studentar melder seg til emnet, vert emnet avlyst.
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha fått godkjent desse obligatoriske aktivitetane:
- Gjennomføring av 2 flervalsprøver på nett før opphaldet i Athen
- Deltaking på minst 90% av undervisinga, både førelesingar på instituttet og undervising utandørs (arkeologiske parker, monument, museum, m.v.)
- Ei munnleg presentasjon (ca. 5-10 min) knyta til eit monument som blir besøkt under opphaldet i Athen
Vurderingsformer
- Semesteroppgåve, 1500-2000 ord.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vår
Det vert også arrangert eksamen i semester utan undervisingstilbod (haust). Denne eksamen er berre open for studentar som har godkjende obligatoriske arbeidskrav i emnet.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er omlag 800 sider. Mestparten av pensum er på engelsk.
Emneevaluering
Programansvarleg
Administrativt ansvarleg
Studierettleiar kan kontaktast her:
Tlf 555 82300