Informatikkprosjekt I

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Eit prosjektarbeid skal definerast og gjennomførast saman med rettleiar frå Institutt for informatikk. Dette prosjektet vil vere ei programmeringsoppgåve for ein klient som vil ha utvikla ei løysing. Merk at det er få definerte prosjekt å velja mellom, men at det er og er råd å foreslå prosjekt for rettleiaren. Tilgjengeleg prosjekt vert annonsert på Mitt UiB for INF219 sida. Spørsmål om aktuelle prosjekt kan rettast til studierettleiar ved Institutt for informatikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten kjenner til

  • Grunnleggjande strategiar for prosjekt- og tidsstyring
  • grunnleggjande strategiar for praktisk samarbeid i team

effektive metodar for skriving og presentasjon

Ferdigheiter

Studenten kan

  • delta i et programmeringsprosjekt
  • Bidra til den skriftlege dokumentasjonen av eit prosjektarbeid i form av ein teknisk rapport
  • Munnleg presentasjon av eit prosjektarbeid som studenten har delteke i

Generell kompetanse:
Studenten kan

  • kommunisere effektivt med medlemmer av eit team
  • Kommunisere effektivt både munnleg og skriftleg til andre
  • arbeide med problemløysing i team

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Ikkje regelmessig. Avhenger av tilgangen på prosjekt.

Blir undervist neste gong haust 2024

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Minimum 60 studiepoeng i informatikk
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Grupper, førelesingar, presentasjonar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Skriftleg rapport og munnleg presentasjon av prosjektet.
Karakterskala
Bestått/Ikkje bestått
Vurderingssemester
Same som undervisningssemester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12.for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.