Masteroppgåve (70 sp) forskarline
Masteremne
- Studiepoeng
- 70
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- JUS397
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Føremålet med emnet er å
- tilby studentane eit studium på eit høgare akademisk nivå som minskar avstanden mellom profesjonsstudiet og praksis, og hevar kunnskapsnivået om rettssystemet og det praktiske rettslivet for øvrig
- verka til at studentane tileignar seg kunnskap om ulike metodetilnærmingar innanfor rettsvitskapen, og at dei på ein slik bakgrunn kan gjera eit informert val av metode til handtering av eige kjeldemateriale
- utdanna studentar med ei viss forskingserfaring som kan nyttiggjera seg denne med tanke på problemløysing i det praktiske rettslivet
- identifisera og utvikla studentar med forskartalent og forskingsinteresse med tanke på rekruttering til ph.d.-programmet
- gjera dei juridiske kandidatane betre i stand til å utfordra etablert kunnskap og praksis på fagområdet, slik at dei er førebudde på å bidra til innovasjon i akademia og i praksis.
Læringsutbyte
Etter kurset skal studentane ha fått inngåande kunnskap om og forståing av sitt fagfelt.
Dei skal kunne handtera eit stort kjeldemateriale, identifisera komplekse problemstillingar og nytta juridisk metode på ein sjølvstendig og systematisk måte.
Gjennom å presentera eige prosjekt og diskutera eige og andre sine prosjekt, og vitskaplege tekstar, skal studentane ha fått generell kompetanse i å delta i kompleks juridisk og vitskapleg diskusjon.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
- Greidd alle emne dei fire første åra av masterstudiet i rettsvitskap.
- Høgt fagleg nivå.
- Prosjektskisse (krav og retningsliner er tilgjengelege på nettsida til emnet)
CV skal leggjast ved søknaden, slik at andre aspekt ved søkjaren og prosjektet kan vurderast.
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
MAJUR eller MAJUR-2.
Hovudopptaket er kvar haust, med supplerande opptak i vårsemesteret. Søknadsfrist for hovudopptaket er fredag i veke 15. Søknadsfrist for supplerande opptak er fredag i veke 44.
For studentar med heilårs skriveplass i nasjonale institusjonar som Stortinget og Høgsterett, kan gjennomføringa av einskilde undervisningsaktivitetar i obligatorisk undervisningsaktivitet punkt 1, 4 og 6 tilpassast individuelt, men alle andre obligatoriske undervisningsaktivitetar krev fysisk oppmøte.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å sikra at studentane har tilstrekkeleg kunnskap til å skriva stor masteroppgåve i tråd med læringsutbytet er følgjande undervisningsaktivitetar gjort obligatoriske:
1. Seminar
Det vert gjennom heile året arrangert inntil 20 seminartimar totalt, men slik at berre 10 av desse er obligatoriske for kvar student.
2. David Doublet-seminar (tidspunkt vert fastsett av fakultetet)
Før seminaret leverer studentane eit utdrag av masteroppgåva i tråd med informasjon frå fakultetet om deltaking på David Doublet-seminaret. Studentane deltar på programmet for David Doublet-seminaret slik det vert fastsett av fakultetet.
3. Tekstkvalitetskurs
Kurset startar med 2 timar førelesing om tekstkvalitet. Studentane skal deretter levera tekst på maksimalt 15 sider frå masteroppgåva. Tekstane vert diskutert i smågrupper under leiing av ein fagperson på doktorgradsnivå.
4. Rettsvitskaplig metode og akademisk skriving
Studentane får metodisk opplæring i eit samarbeid med doktorgradsprogrammet, gjennom ein kombinasjon av tre førelesingar om metodiske tema à to timar, etterfølgd av tre diskusjonsmøte à to timar om dei same temaa, der studentane vert delt opp i mindre diskusjonsgrupper under leiing av ein ph.d.-kandidat og/eller ein annan vitskapeleg tilsett. Kvar av studentane må førebu eit innlegg på 10 minutt til eit av diskusjonsmøta.
5. Forskargruppepresentasjon (tidspunktet vert fastsett av emneansvarleg i samråd med rettleiar og forskargruppeleiar)
Studentane skal presentera prosjektet sitt for forskargruppa dei er knytte til. Dei skal før presentasjonen levera eit utdrag av masteroppgåva på opp til 20 sider, som vert lese av ein eller fleire utvalde forskargruppemedlemmar. Studentane skal også senda utdraget til heile forskargruppa.
6. Internasjonal workshop
The topic of the workhop is the presentation of a project to an international audience and the challenges we as academics meet when we want to communicate our projects to colleagues from other legal cultures.
Før workshopen skal kvar student levera eit utdrag på 3-5 sider frå masteroppgåva på engelsk, som vert distribuert til andre studentar og lese som førebuing til seminaret. På workshopen skal oppgåva presenterast i 10 minutt for dei andre studentane og ein fagperson med omfattande internasjonal erfaring, før ho vert diskutert basert på utdraget og presentasjonen.
7. Sluttseminar
Før sluttseminaret skal studenten levera masteroppgåva, med særleg vekt på eit utdrag på opp til 20 sider, til ein fagperson med kompetanse på doktorgradsnivå. På seminaret presenterer studenten masteroppgåva og utdraget, og fagpersonen kommenterer utdraget og heilskapen i masteroppgåva. Seminaret skal fungera som ei kvalitetssikring før ferdigstilling av masteroppgåva for innlevering.
8. 30 timar rettleiing
Andre undervisningsaktivitetar vert tilbydd, men er ikkje obligatoriske.
Emneansvarleg kan gje meir informasjon om programmet for eit studieår.
Vurderingsformer
Masteroppgåve på maksimalt 37 500 ord.
Innleveringsfrist: fredag i veke 25 for hovudopptaket. Fredag i veke 50 for suppleringsopptaket.
- Fot- og sluttnotar skal reknast med. Forord, framside, innhaldsoversyn, register, litteraturliste og vedlegg vert ikkje rekna med.
- Oppgåve som overskrid ordgrensa vert ikkje sensurert.
- Obligatoriske undervisingsaktivitetar er vilkår for å levera oppgåve, og inngår difor i sertifiseringsgrunnlaget.
- Metodekunnskapen som studentane skal ha tileigna seg vert vurdert som del av vurderinga av masteravhandlinga
- Masteroppgåva kan skrivast på norsk eller engelsk.