Utvalde emne i NMR-spektroskopi
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- KJEM352
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet vil variere litt frå gong til gong, men vil kvar gong ha hovudvekt på ei innføring i teorien for moderne puls NMR-spektroskopi i væsker, og først og fremst produktoperatorteori for førsteordens spinnsystem i ein- og to-dimensjonale homo- og heteronukleære pulseksperiment. Pulssekvensdiagram, fasesykling, gradientseleksjon og koherensoverføringsvegar vert gjennomgåtte. Produktoperatorteorien gjer det mogleg å analysera og forklara ei rekkje viktige pulseksperiment som ein ikkje kan med den enkle vektormodellen frå KJEM351. For dei pulssekvensane som krev det, tek kurset også med ei grundigare handsaming av nokre utvalde tema. Høvelege simuleringsprogram blir brukte til å illustrera dei teoretiske prinsippa og for å gjera det mogleg å bruka produktoperatorar i praksis.
Studienivå (studiesyklus)
Master og ph.d.
Undervisningssemester
Uregelmessig
Undervisningsstad
Bergen.
Krav til forkunnskapar
KJEM351 eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
KJEM306: 10 stp.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.
Arbeids- og undervisningsformer
Kollokvium/ 2 timar pr veke i 15 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A - F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringsystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31
Institutt
Kjemisk institutt