Fasilitering av innovasjonsprosesser ved bruk av teknologi for ei berekraftig framtid

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med kurset er å gje deltakarane ferdigheiter og verktøy for å kartlegge samansette utfordringar, lære om korleis ein kan å arbeide saman kreativt med å løyse utfordringar i tverrfaglege team og med bruk av teknologiske verktøy som kunstig intelligens. Samla vil dette gje deltakarane relevant kompetanse som kan brukast i nyskapingsprosessar i arbeidslivet.

Kurset anvender teoriar og kombinerer spesifikt metodar frå to forskjellige kunnskapsområder: systemtenking og kreativ problemløysing i tillegg teknologiske verktøy, som kunstig intelligens. Ved å kombinere metodar frå desse felta, representerer kurset ei ny og tverrfagleg tilnærming for å fremme kreativ problemløysing og kunnskapsutvikling som ein ikkje har i eksisterande kurs. Kursdeltakarane vil jobbe med utfordringsdrivne innovasjonar knytt til berekraft, i team som består av kursdeltakarar med variert disiplinær bakgrunn.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenteten har kunnskapar om empiriske funn og teoriar knytte til

  • Drøfte sentrale modellar og prinsipp i to ulike teoretiske felt: systemtenking og kreativitet
  • Identifisere passande metodar innan systemdynamikk og kreativitetsforsking for å løyse ulike typar problemstillingar knytt til berekraft, og drøfte fordelar og ulemper i desse
  • Gjere greie for samanhengen mellom dei to felta: systemtenking og kreativitet knytt til berekraft
  • Identifisere psykologiske forhold i tverrfagleg samarbeid for å lukkast med nyskapingsprosessar i slike grupper
  • Gjere greie for korleis utføre kreativ problemløysing og innovasjonsprosessar

Ferdigheiter

Studenten kan

  • Kombinere ulike verktøy og metodar innan felta systemdynamikk og kreativitet
  • Bruka det han/ho har lært til å setja opp og fasilitera nyskapingsprosessar knytt til berekraft gjennom systemtenking og kreativitet
  • Tilpasse ulike psykologiske forhold i tverrfagleg samarbeid og kunne anvende desse for å lukkast med dei kreative nyskapingsprosessane knytt til berekraft
  • Bruka eigna teknologiske verktøy som KI for kreative problemløysing og innovasjonsprosessar

Generell kompetanse

Studenten kan

  • Kunne kritisk reflektere over og løyse problem knytt til tverrfagleg samarbeid
  • Skjøna korleis kartlegging av problem og årsakssamanhengar skaper eit grunnlag for den kreative utforskinga og nyskapingsprosessar
  • Kommunisere og fungere som ein konstruktiv medlem i ei tverrfagleg gruppe
  • Kunne kritisk reflektere over bruk av teknologiske KI system ¿ inkludert både tekniske og etiske hensyn

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 7,5 studiepoeng og er normert til ett semesters deltidsstudium.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Nettbasert
Krav til forkunnskapar
Ingen særskilte forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Interesse for og kunnskap i nyskapingsprosessar i arbeidslivet.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Minimum antall deltakere: 10
Maximum antall deltakere: 50

Emnet er ope for alle med interesse for og kunnskap i nyskapingsprosessar i arbeidslivet

Arbeids- og undervisningsformer
Kurset har tre ulike modular. Undervisninga er organisert som nettbaserte førelesingar, individuelt arbeid og arbeid i grupper.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dei obligatoriske arbeidskrava består av:

- levere ei prosjektskisse

- eit refleksjonsnotat (ca. 1500 ord)

- halde ein presentasjon av prosjektskissa.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Emnet er bestått når alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent av faglærar.

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Liste med anbefalt litteratur utgjer kring 1000 sider frå bøker, rapportar og artiklar.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
The Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE)
Emneansvarleg
The Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE)
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet