Kvalitetssikring av kjemiske analysar
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MTEK330
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avsluttande emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan samanlikne kvalitetsinfrastrukturen nasjonalt, regionalt og internasjonalt og forstå korleis dei like delane samverkar
- kan forklare korleis standardar, metrologi, akkreditering, samsvarsvurdering og tekniske reguleringar samverkar med analytisk arbeid på kjemiske analyselaboratorium
- kan anvende prinsippa for validering og verifisering av kjemiske analysemetodar samt evaluere sporevne og uvisse i analyseresultat
- kan analsere og forklare korleis typiske trinn i ei kjemisk analyse, som prøvetaking, prøveopparbeiding, instrumentell analyse, og rapportering bidrar til uvisse i det endelege resultatet
- kan forklare viktige rutinar i eit moderne akkreditert analyselaboratorium
Ferdigheiter
Studenten
- kan utarbeide, planlegge og gjennomføra ei plan for verifisering og validering for å kunne vurdere om ein metode er eigna for føremålet
- kan vurdere kvaliteten til eit analyseresultat basert på kunnskap om den analytiske metoden og kvalitetssikringsdata
- kan anvende venlege metodar for kvalitetssikring av kjemiske analysar
- kan anvende vanlege metodar for prøveopparbeiding av biologisk materiale og utvalt moderne laboratorieutstyr og instrumentering for kjemisk analyse
Generell kompetanse
Studenten
- forstår overordna prinsipp for kvalitetssikring og korleis prinsippa kan overførast og brukast i andre kontekstar
- kan anvende grunnleggjande statistiske metodar
- kan planlegge og utføre nøyaktig arbeid på laboratoriet og skapar samarbeid på laboratoriet
- kan skape gode laboratorierutinar, med særleg vekt på tryggleik og sikring av analysekvalitet i eit laboratorium
- kan anvende moderne laboratorieutstyr og instrumentering for kjemsik analyse
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust.
Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket Masterstudentar har fyrsteprioritet på emnet.
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram ved fakultet for naturvitskap og teknologi eller ph.d.-utdanninga.
www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk deltaking på første førelesning.
- Laboratoriekurs og skriftlege innleveringar. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i fem påfølgande semester.
- Godkjent HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjent HMS-kurs ved Kjemisk Institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs
- Grove brot på HMS-reglar vil føre til at ein misser retten til å fullføre laboratoriekurset.
- Det er ikkje høve til å nytte meir enn 3 forsøk (semester) på å gjennomføre laboratoriekurset.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen utgjer 100% av karakteren.
Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar og obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.
Karakterskala
Vurderingssemester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar: kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31