Døgnrytmar, søvn og åtferd
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PSYK115
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med kurset er å gi kunnskap om sentrale aspekt ved søvn og døgnrytme, og kva for rolle søvn og døgnrytmar har for yting, åtferd, kognisjon, mental og fysisk helse. Gjennom forelesningar og øvingar vil studentane verta kjende med korleis søvn og døgnrytmar vert målte - subjektivt og objektivt. Emnet gir innføring i korleis søvn og døgnrytme vert utvikla gjennom livet, og gir teoretisk og praktisk kunnskap om viktigheita av søvnen på kognitive og fysiske prestasjonar, utvikling, metabolisme, stress og andre hjernefunksjonar. I tillegg vil faktorar som kan påverka søvn (for eksempel vanar, samfunnsmessige faktorar, jobb, trening og kosthald) òg verta vektlagde. Kurset vil gi eit oversyn over dei ulike søvnforstyrringane; frå symptom, årsaker og til handsaming. Samspelet mellom psykisk og fysisk helse og søvn vil òg vera sentrale tema. Studentane vil òg verta gitt kunnskap om individuelle skilnadar i søvn og døgnrytme.
Læringsutbyte
Ved fullført emne skal studenten sjølvstendig, utan hjelpemiddel gjera greie for sentrale problemstillingar, kunnskapar og metodar innanfor fagfeltet søvn, døgnrytme og åtferd:
Kunnskap:
Studenten kan gjera greie for;
- Korleis søvn og døgnrytme er regulert og korleis dei kan målast - på tvers av arter
- Normal utvikling av og individuelle skilnader i døgnrytme og søvn.
Faktorar som kan påverka søvn og døgnrytme
- Arbeid, kosthald
- Vanar
- Samfunnsrytme
- Trening
- Lys
- Graviditet
Samspelet mellom helse, døgnrytme og søvn
- Korleis søvn kan påverka utvikling og gangen i psykiske og somatiske lidingar
- Korleis psykiske og somatiske lidingar kan påverka søvn og døgnrytme
- Individuelle skilnadar ved søvn og døgnrytmar
- Søvn, døgnrytmar og utviklingspsykologi
Korleis søvnmangel påverkar yting og helse
- Kognisjon
- Stressrespons
- Metabolisme
- Fysiske prestasjonar
- Skiftarbeid
Søvnforstyrringar
- Insomni, døgnrytmeforstyrringar, hypersomni, søvnrelaterte respirasjonsforstyrringar, parasomniar, søvnrelaterte rørsleforstyrringar; vurdering, utbreiing, diagnostiske kriterium, klinisk forståing
- Årsaker og konsekvensar
- Førebygging og handsaming
Ferdigheiter:
- Vita korleis ein måler søvn og døgnrytme
- Planleggja og gjennomføra enkle forsøk på søvn og døgnrytme
- Gjera greie for dei vanlegaste søvnforstyrringane, symptom og handsaming
Generell kompetanse:
- Skildra og drøfta sentrale perspektiv på aspekt som påverkar søvn og døgnrytme
- Visa forståing for konsekvensane av dårleg søvn og / eller døgnrytme på yting og åtferd.
Fulltid/deltid
Fulltid
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesing, demonstrasjon og gruppearbeid.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
18 x 2 timer forelesing, og gruppearbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
4 timars skuleeksamen.
Karakterskala
A-F.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Det psykologiske fakultet
Emneansvarleg
Institutt for biologisk og medisinsk psykologi
Administrativt ansvarleg
Institutt for biologisk og medisinsk psykologi
Institutt
Institutt for biologisk og medisinsk psykologi