Åtferd, helse og ernæring
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PSYK140
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane kunnskap om sentrale aspekt ved kosthald og ernæring og deira rolle innan åtferd, kognisjonar, mental og somatisk helse. Emnet gir innsikt i korleis kosthald kan sjåast som ein del av eit større livsbilde. Det blir gjennomgått teoretisk kunnskap innan søvn, døgnrytmar, energi metabolisme, hjernefunksjon og stress samt kva for strukturelle og individuelle faktorar som kan vere med å forklare utvikling av matvareintoleranse, eteforstyrringar og overvekt. Studentane skal utvikle kompetanse og ferdigheiter i kva som er gode og verksame tiltak for å fremje eit helsegunstig kosthald med vekt på samspel mellom individuelle og strukturelle faktorar.
Emnet vil gje ei innføring både i kosthald/ernæring som ein viktig basis for åtferd og psykisk helse, samt tiltak som kan setjast i verk for å fremje eit gunstig kosthald med tanke på psykisk helse. Tiltaksutviklinga vil bli sett i relasjon til den observerte auken i fedme som gjer seg gjeldande både i Noreg og i andre vestlege land.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskaper
Studentane kan¿
- beskrive korleis makronæringsstoffer (karbohydratar, proteinar, lipider) og mikronæringsstoffer (vitaminar, mineralar) påverkar funksjonar i hjernen under utvikling av hjernen og gjennom livsløpet.
- forklare kvifor feilernæring gjennom livsløpet vert rekna som ein risikofaktor for utviklinga av psykiske lidingar.
- beskrive korleis glukosemetabolisme er lenka til matinntak og korleis den påverkar emosjonelle og kognitive hjernefunksjonar.
- forklare samanhengen mellom søvn, døgnrytme, stress og energi-regulering.
- beskrive regulering av apetitt frå eit biopsykososialt perspektiv.
- beskrive eterforstyrringar som anoreksia nervosa, bulimia nervosa, overeting, og overvekt.
- beskrive funksjonelle gastrointestinale lidingar og matintoleranse frå eit biopsykososialt perspektiv.
- beskrive helsefremmande åtferd på individ- og samfunnsnivå.
Ferdigheiter
Studentane kan formilde kunnskap som er lært i emnet gjennom bruk av akademisk skriving og gje ein klar presentasjon av teori og empiriske data uavhengig og utan hjelp av eksterne kjelder.
Generell kompetanse
Studentane kan ...
- bedømma den vitskapelege kvaliteten på forsking gjennomført innan fagområdet ernæringsvitskap og helse.
- vurdere kvaliteten på informasjon om ernæring og helse funne i den offentlige diskursen og kan diskutera begrensingar, overforenklingar, potensielle farar og fordelar.
- formidle og diskutere evidensbaserte funn innanfor dei biologiske, psykologiske og sosiale aspekta ved ernæring.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ein fleirvalsprøve i det digitale vurderingssystemet. Studenten må svara rett på minst 2/3 av spørsmåla for at prøven skal vera godkjent.
Den obligatoriske undervisningsaktiviteten må være godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.