Individuell prosjektutvikling
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- SANT302
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- ha etnografisk og temamessig innsikt i det eigendefinerte området som masteroppgåva skal handle om
- ha kunnskap om fagetikk og personvern, inkludert det formelle regelverket på området
- kjenne til prosjektbeskrivelse som eigen akademisk sjanger
Ferdigheiter
- kunne formulere fagleg relevante problemstillingar og utvikle desse til eit gjennomførbart forskingsprosjekt
- kunne ha evne til å reflektere over og vurdere kva som er eit godt antropologisk forskingsprosjekt
- drøfte eigen og andre studentars tekstar i fagleg forum
Generell kompetanse
- kunne hente inn relevant informasjon om eit tema og på grunnlag av dette formulera fruktbare forskingsspørsmål
- kunne utvikle ein prosjektskisse og forberede eit eige vitskapeleg prosjekt
- kunne utforme eit eige prosjekt innanfor ei avgrensa tidsramme
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesningar og seminar leia av faglærar, med m.a. studentane sine munnlege og skriftlege presentasjonar, samt individuell rettleiing. Noko av undervisninga vil føregå på ein utflukt, med overnatting, i Jondal.
0-6 timer pr veke
6 veker
20-24 timer totalt
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking på minimum 80% av undervisinga.
- Deltaking på heildagsseminar med prosjektpresentasjon
- Innlevering av prosjektskisser undervegs
Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig inneverande og dei 3 påfølgjande semestera.
Vurderingsformer
Ei prosjektskildring på 3000 ord (+/- 10%) utforma med individuell rettleiing.
Prosjektskildringa skal godkjennast av ein fagkomite samansett av to personar inkludert rettleiar. Prosjektskissa skal leggjast fram for ein komité for fagleg samtale om prosjektet, etter at all obligatorisk aktivitet er gjennomført og godkjent.
Prosjektskildringa kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).
Kontinuasjonseksamen:
I dette emnet tilbys ordinær eksamen i begge semestre.
Studenter som oppfyller kravet til kontinuasjonseksamen (ihht. UiB-forskriften § 5-6) henvises til neste ordinære eksamen.