Innføring i franske litterære klassikarar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje ei innføring i klassiske franske tekstar frå det 16. hundreåret og fram til 1900. Formålet er å utvikla evna hjå studentane til å lesa og tolka skjønnlitterære tekstar gjennom øving i litterær analyse og på bakgrunn av kunnskap om litterær teori, dei aktuelle periodane og forfattarane.

I studiet av tekstane vert merksemda retta mot dei litterære og språklege verkemidla og korleis tekstane er knytte til fransk litteratur- og kulturhistorie.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om litteraturteori, og om nokre sentrale litterære teknikkar og deira bruk i narrative, dramatiske og lyriske tekstar
  • kan gjera greie for tematiske og formelle aspekt ved pensumtekstane på fransk
  • kan situera pensumtekstane i høve til hovudlinene i fransklitteraturhistorie

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruka kunnskapane dei har skaffa seg i sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstane

Generell kompetanse

Studenten

  • har ein generell kompetanse i lesing og tekstfortolkning som blant anna kan nyttast i samband med vidare litteraturstudier.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

Emnet FRAN123 har eit omfang på 10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Undervisninga finn stad i Bergen.

Dette emnet kan òg takast som rent nettstudium: FRAN623

Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på fransk og føreset gode franskkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skule.

Ein rår studentane på årsstudium og bachelor til å ta våremnet FRAN122 før haustemnet FRAN123.

Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir uttellinga i studiepoeng for FRAN123 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN623. Det blir redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN105, FRAN106 eller FRAN102.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som har fått opptak ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Før undervisninga får studentane tilgang til førebuingsmateriale på læringsplattformen MittUiB med f.eks. introduksjonsvideoar/videoførelesningar, notatar, oppgåver og diskusjonsforum. Undervisninga skjer normalt på campus og føreset at studentane i forkant aktivt har arbeidd med førebuingsmaterialet. Undervisninga består av førelesingar og seminar samt filmframsyning. Det blir gitt rettleiing i samband med den obligatoriske øvingsoppgåva.

Dersom ressursane tillèt det, blir det halde kollokvier/oppgåveseminar. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av førelesingar/seminar(også digital) for å få gå opp til vurdering i emnet.

I løpet av dei første fire vekene skal studentane laga ei fransk-norsk ordliste (minimum 50 ord) frå eit gitt pensumverk til publisering på plattformen og til felles bruk.

I samband med undervisninga skal studentane skriva ei obligatorisk øvingsoppgåve på fransk (ca. 1000 ord) under rettleiing av faglærar. Studentane vert oppmoda om å samarbeida om førebuinga av oppgåva og til å gi kvarandre respons på arbeidet. Oppgåvetema vert delt ut rett etter undervisningsstart, med innlevering seks veker seinare. Datoane vert kunngjorde i samband med undervisninga og ved oppslag på nettet. Oppgåva skal vere godkjend før ein kan ta eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer
Eksamen er ein 4 timars skriftleg skuleeksamen med ei oppgåve i litterær analyse eller om litterære problemstillingar. Ein skal svara på fransk. Eksamen er normalt digital.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Tekstpensum:

Omfattar eit utval tekstar frå det 16. til det 19. hundreåret.

Bakgrunnsstoff:

Ein ventar at studentane forbetrar sin kjennskap til fransk litteraturhistorie frå det 16. til det 19. hundreåret. Stoff om dei einskilde forfattarane finst t.d. i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.

I samband med undervisninga får studentane forslag til utfyllande lesing i litterær teori.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07.

Emneevaluering
Emneevaluering blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Studentane kan nytta eittspråkleg (fransk-fransk) ordbok.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyre for fransk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Institutt
Institutt for fremmedspråk