Kvantitativ samfunnsvitskapleg metode
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- MET104
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Studentane skal gjennom kurset tileigne seg grunnleggjande kunnskap og øving innan kvantitativ samfunnsvitskapleg metode. Siktemålet er å gje studentane forståing for vitskaplege arbeidsmåtar som grunnlag for vidare arbeid med faget, samt å gje dei innsikt i kvantitative forskingsteknikkar og korleis desse blir nytta i praksis. Studentane skal også ta omsyn til dei forskingsetiske problemstillingane som er aktuelle i forsking.
Kurset gjev ei generell innføring i kvantitative samfunnsvitskaplege metodar, med vekt på ulike opplegg for innsamling, analyse og fortolking av forskjellige typar data. Kurset gjev vidare ei oversikt over sentrale element i eit forskingsdesign - som for eksempel utveljing av einingar, måling, datareduksjon, grafisk framstilling, statistisk generalisering, samvariasjon og kausalitet. Emnet gjer også greie for ulike typar statistiske analysar, til dømes deskriptiv statistikk, tabellanalyse, korrelasjonsanalyse og regresjonsanalyse.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan
- definere grunnleggjande omgrep i kvantitative metodar
- gjere greie for ulike typar kjelder, data og dataanalyse
- gjere greie for sentrale element i eit forskingsdesign
- skilje mellom ulike typar forskingsdesign
- gjere greie for analyse av kvantitative data, og programvare som vert brukt til dette
- gjere greie for etiske problemstillingar
Ferdigheiter
Studenten kan
- organisere, presentere og tilrettelegge ulike datatypar for analyse
- diskutere og grunngje metodeval ut frå ulike problemstillingar
- diskutere styrkar og svakheiter med ulike typar forskingsdesign
- gjennomføre tabellanalyse, variansanalyse og regresjonsanalyse
- skrive rapportar frå vitskapelege undersøkingar
- bruke statistikkprogram til databehandling og statistisk analyse
- tolke resultater frå statistiske analysar
Generell kompetanse
Studenten kan
- evaluere og kritisere kvantitative samfunnsvitskapelege analysar
- skrive faglege tekstar basert på prinsippa for akademisk skriving og god kjeldebruk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesningar: 10-12
Seminar: 6-7
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av to øvingsoppgåver. Oppgåvene er obligatoriske og skal være godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen i emnet.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle semesteret samt dei to påfølgande eksamenssemestra.
Ordgrensa for kvar oppgåve er 2000 ord +/-10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg.
Tidligere beståtte arbeidskrav i MET102 vil være gyldige for MET104. De kvantitative oppgavene i MET102 (oppgave 3 og 4) tilsvarer hhv. oppgave 1 og 2 i MET104. Godkjente arbeidskrav er gyldige i semesteret de ble godkjent, samt de to påfølgende semestrene.
Vurderingsformer
4 timers skriftleg skuleeksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:
- Legeattest/gyldig fravær
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.