Sosiologisk analyse
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SOS301
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målsetjinga med dette emnet er å utvikle studentane sine evner til kritisk lesing av sosiologiske studiar og å gi dei ei djupare forståing av samspelet mellom teori, empiri og analytiske nivå i sosiologisk analyse.
Ulike typar eksemplariske sosiologiske studiar vert gjort til gjenstand for intensiv gransking når det gjeld teoretisk og empirisk problematikk, analyseopplegg og vitskapleg argumentasjon.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
- Studenten kan på systematisk vis gjere greie for korleis empirisk forankra sosiologisk kunnskap vert skapt og korleis han vert presentert og grunngjeven i vitskaplege tekstar.
Ferdigheiter
I møte med ei sosiologisk undersøking kan studenten identifisere og drøfte:
- kva undersøkingseiningane som vert analyserte er tilfelle av (cases of).
- korleis sentrale teoriar og omgrep vert introduserte, utvikla og brukte.
- kva meining og vekt forskarposisjonar og verdivurderingar har for analysen
- korleis ulike typar utvalgslogikk og komparasjon vert brukt (implisitt og eksplisitt) i analysen.
- vurdere kvalitet og gyldigheit i samfunnsvitskaplege tekstar ut frå korleis dei ulike elementa i den faglege argumentasjonen fungerer saman.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Masterprogram i sosiologi
5-årig lektorutdanning med master i sosiologi
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av en analyseoppgåve (2000 ord +/-10% ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg) som skal godkjennast av emneansvarleg.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle semesteret og det påfølgjande semesteret
Vurderingsformer
Analyse-essay om den sosiologiske argumentasjonen i en oppgitt monografi (4000 ord +/-10% ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg).
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:
- Legeattest/gyldig fravær
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.