Magnus Lagabøtes landslov 750 år
I 2024 skal 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov feirast som nasjonalt jubileum.
Main content
Landslova som blei ferdigstilt i Bergen i 1274, var den tredje riksdekkande lovboka i Europa og eit viktig verk i både norsk og europeisk rettshistorie.
Dei siste åra er det sett i gong fleire forskingsprosjekt både i Oslo og Bergen. Lovteksten har komme i nye utgåver både fysisk og elektronisk.
I Bergen og på Vestlandet skal jubileet setje mellomalder og rettshistorie i fokus og synleggjere arbeidet, engasjementet og forskinga som blir gjort ved ulike miljø.
Jubileet blir koordinert av Vestland fylkeskommune og omfattar blant anna ei utstilling ved Bymuseet i Bergen og ein konferanse arrangert ved Universitetet i Bergen.
Om jubileet
På nasjonalt nivå har Nasjonalbiblioteket fått eit samordningsansvar frå Kulturdepartementet.
Regionalt vedtok Vestland Fylkeskommune hausten 2021 å skipe eit jubileum med fokus på lovskapingsprosessen frå Kristenretten til Landslova og med aktualisering til notida. Fylkeskommunen skal invitere inn partnarar og setje ned ein jubileumskomité.
Jubileumsfeiringa på Vestlandet skal fyllast med fleire arrangement relatert til både kulturliv og forsking.
Universitetet i Bergen bidreg med forskingskompetanse inn mot jubileet, og arrangerer ein internasjonal og tverrfagleg konferanse hausten 2024. Rettshistorie og fokus på rettslege og kulturelle praksisar i Nord-Europa i mellomalderen er viktige tverrfaglege forskingsfelt ved universitetet, som vil bli løfta og aktualisert i konferansen. Bymuseet i Bergen har ansvar for ei utstilling på Bryggens Museum i 2024 i samband med Lagabøtejubileet. Universitetet bidreg også med forskingskompetanse inn mot utstillinga.
Internasjonal forskarkonferanse hausten 2024
Universitetet i Bergen har ansvar for forskingskonferansen The Landslov of 1274 - Multiple Perspectives. Fagkomiteen blei nedsett januar 2022 og består av:
- Irene Baug, forskar i arkeologi, UiB (leiar av komiteen)
- Søren Koch, professor i rettsvitenskap, UiB
- Kirsi Salonen, professor i mellomalderhistorie, UIB
- Helen Leslie-Jacobsen, førsteamanuensis i mellomalderfilologi, UiB
- Halldis Hobæk, arkeolog og forskar, NIKU
- Anna Elisa Tryti, prosjektdirektør, Vestland fylkeskommune
- Eirik Hovden, forskar i Midtausten og islamske studiar, UiB
- Alf Tore Hommedal, førsteamanuensis i arkeologi, UiB
Utstilling på Bryggens Museum 2024
Bymuseet i Bergen har ansvar for jubileumsutstillinga på Bryggens Museum. Utstillingskomiteen blei nedsett i august 2021 og består av:
- Espen Kutschera, formidlar, Bymuseet i Bergen (leiar av komiteen)
- Anna Elisa Tryti, prosjektdirektør, Vestland fylkeskommune
- Alexandros Tsakos, fagleg leiar, Manuskript- og Librarsamlingen, UiB
- Stefan Drechsler, postdoktor i mellomalderfilologi, UiB
Rettshistorisk forsking
Forskinga ved UiB er organisert gjennom forskingsprosjekt og forskargrupper. Fleire av desse arbeider med rettshistorie og ulike aspekt ved Landslova. Også andre stader i landet blir det forska på rettshistoriske tema.
Forskingsprosjekt
Transformations of Medieval Law
Prosjektet undersøker dei seinare handskriftene og versjonane av landslova for å vinne innsikt i utviklinga av loven frå seinmellomalderen til tidleg moderne tid. Tidsramme: 2017-2022. Prosjektet er støtta av Trond Mohn Stiftelsen og Universitetet i Bergen og er leia av forskar Helen Leslie-Jacobsen.
De norske middelalderlovene
Fokus for prosjektet er å gjere kjeldene til Magnus Lagabøtes landslov tilgjengelege, og å fremje forsking og forskingssamarbeid gjennom konferansar og seminar. Nettsida har fleire ressursar med lenker til tekstar og handskrifter. Fagleg leiar er Jørn Øyrehagen Sunde (Universitetet i Oslo). Prosjekteigar er Nasjonalbiblioteket
Social Governance Through Legislation
I dette prosjektet undersøker ei gruppe av forskarar korleis lovgjeving endra maktstrukturane i samfunnet og tilhøva for marginaliserte grupper. Tidsramme: 2021-2022. Gruppeleiar er Erik Opsahl (NTNU, Trondheim). Prosjektet held til ved CAS (Centre for Advanced Study/Senter for grunnforskning ved Det Norske Videnskaps-Akademi).
Forskargrupper
- Forskergruppen for antikk, middelalder og tidlig moderne tid (Det humanistiske fakultet)
- Forskergruppen Lov og kultur i det førmoderne nord (Det humanistiske fakultet)
- Forskargruppe for rettskultur (Det juridiske fakultet)